Liv Kari Eskeland (H): Kva vil statsråden gjera for å imøtekome lastebilnæringa sine ønske om å få innvilga dispensasjon for køyre og kviletida, for å sikre ein trygg arbeidskvardag under vedvarande og lange tidsperiodar med vegarbeid og stengde vegar?
Begrunnelse
Det kan, med henvisning til art 14 i Europaparlamentets og rådsforordningen (EF) nr. 561/2006 søkjast om dispensasjon frå køyre og kviletidsbestemmelsane etter gitte vilkår. Søknaden vert stila til SVV, som også gir svar og tek hand om evt. klager. Det er sendt fleire slike søknader, som i all hovudsak har blitt avslått. Søknadane er sendt med bakgrunn i pågåande vegarbeid, spesielt knytt til E39 og E16, der mellom anna nytt tunnelsikkerheitsdirektiv har gitt vedvarande og lange periodar med kolonne og stengde vegar utan høve til omkøyring. Det vert søkt om dispensasjonar ettersom stenging av veg ofte fører til tidsnaud for sjåførane, med stress som fører til trafikkfarlege situasjonar. Ein dispensasjon vert frå næringa vurdert til å gi nødvendig arbeidsro, det er eit viktig trafikktryggleikstiltak og betrar arbeidsmiljøet for sjåførane. Næringa seier sjølv at belastninga for sjåførane no er av eit omfang som påverkar både mental og fysisk helse. I ei tid der det er krevjande å få tak i sjåførar, må myndigheitene strekke seg langt for at transportselskapa kan halde på dyktige sjåførar, og syte for å legge forholda best mogleg til rette. Fleksibilitet inn mot å imøtekome omsøkte dispensasjonar vil vera eit verkemiddel.