Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2637 (2022-2023)
Innlevert: 23.06.2023
Sendt: 23.06.2023
Besvart: 30.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): Frivilligheten er fortsatt ikke tilbake på samme nivå som før pandemien. Ferske tall fra 2022 viser at andelen som deltar i frivillig innsats, har falt betydelig siden 2019. Sammen med KS, har Frivillighet Norge et mål om at alle kommuner skal vedta en helhetlig frivillighetspolitikk i dialog med lokale lag og foreninger. I dag har kun litt flere enn én av fire kommuner gjort dette.
Hvordan legger regjeringen til rette, gjennom tilskudd eller andre virkemidler, for at kommunene kan styrke sitt samarbeid med frivilligheten?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Samarbeid mellom kommunane og den lokale frivilligheita er svært viktig for regjeringa – det er i lokalsamfunna i kommunane at den frivillige aktiviteten skjer.
Regjeringa stimulerer til lokalt samarbeid mellom kommune og frivilligheit gjennom fire overordna mål for frivilligheitspolitikken: brei deltaking og aktivitet i heile landet, gode rammevilkår for ein mangfaldig frivillig sektor, enkle regelverk og ordningar, og ein samordna frivilligheitspolitikk.
Gode rammevilkår betyr f.eks. føreseieleg finansiering, enkle regelverk og tilskotsordningar, openheit om korleis midlane blir fordelte, tilgang til lokale, samt godt samarbeid med kommunane.
Det viktigaste verkemiddelet til staten er gode og føreseielege tilskotsordningar til frivilligheita. Eksemplar på dette er momskompensasjonen som er på over 2 mrd. og ordninga for straumstønad på 800 mill. i 2023. Årleg fordeler staten rundt 11 milliardar kroner i tilskot til frivillig sektor, som grunn- eller driftsstønad over ulike tilskotsordningar eller som enkeltståande tilskot til øyremerkte mottakarar.
Det er viktig for regjeringa at dei offentlege stønadsordningane vert organiserte slik at drifta til frivillige blir så enkel og føreseieleg som mogeleg. Derfor er vidare samordning og forenkling av statlege tilskot til frivillige organisasjonar eit pågåande arbeid. Regjeringa vil også vurdere rutinane for saksbehandling og utbetalingstidspunktet for dei årlege tilskota, slik at mottakarane får tilstrekkeleg tid til aktivitet i tilskotsåret. Eit arbeid med forenkling av søknadsprosessane og god informasjon om moglegheitene gjennom søkjeportalen Tilskudd.no er også i gang.
Frivilligsentralane er eit viktig statlege verkemiddel som får tilskot for å mellom anna å vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Dei bidrar til frivillig deltaking, fellesskap og aktivitetar. Tilskot til frivilligsentralane er auka og er på 244 mill. i 2023. Ei ny forskrift for tilskotet kom på plass i 2022 og legg enda betre til rette for nye frivilligsentralar og samarbeid mellom kommune og frivillig sektor.
Nasjonale forventingar til fylkeskommunal og kommunal planlegging 2023–2027 blei vedtatt av Kongen i statsråd i juni, og samlar dei viktigaste prioriteringane regjeringa har på planområdet for den komande fireårsperioden. Dei inneheld mellom anna følgjande forventning:

«Det blir lagt til rette for kultur, kunst, idrett og frivilligheit i planlegginga, og sett av tilstrekkelege areal til kultur- og idrettsføremål».