Svar
Kjersti Toppe: Barnevernet skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp, omsorg og vern til rett tid, jf. barnevernslova § 1-1. Tiltaket til barnevernet skal alltid vere til barnets beste, jf. § 1-3. Dette inneber at tiltak etter barnevernslova ikkje kan grunnast i straff, behov for vern av samfunnet eller allmennpreventive omsyn. Det er politiet og kriminalomsorga som har ansvar for vern av samfunnet.
Barnevernsinstitusjonar er ikkje eigna til straffegjennomføring og barn som er dømt til fengselsstraff eller ungdomsstraff kan berre heilt unntaksvis gjennomføre straffa i ein barnevernsinstitusjon, jf. straffegjennomføringslova § 12. Det følger av straffeprosesslova § 188 at plassering i barnevernsinstitusjon som varetektssurrogat berre kan gjennomførast dersom Bufetat og barnevernsinstitusjonen samtykkjer til dette. Barnevernsinstitusjonane kan ikkje følgje reglane i straffegjennomføringslova. Politiet, domstolen eller andre kan ikkje instruere ein barnevernsinstitusjon til å utøve tvang utover dei grensene barnevernslova med forskrifter set. Viss det ikkje er mogleg å gjennomføre straffa i tråd med barnevernslova, kan ikkje straffa gjennomførast i barnevernsinstitusjon. Dersom det til dømes er behov for andre rammer enn barnevernsinstitusjonar har, eksempelvis lukka institusjonar, kan ikkje straffa gjennomførast i barnevernsinstitusjonar.
Opphald i barnevernsinstitusjon har som nemnt, eit vesentleg anna siktemål enn varetektsfengsling og fengselsstraff, nemleg omsorg og behandling. Eg viser til ungdomseiningane under kriminalomsorga som har mandat, rammer og kompetanse til å vareta barn som gjer svært alvorleg og gjenteken kriminalitet.
Viss barnet forlèt institusjonen utan løyve eller lèt vere å kome tilbake til institusjonen etter fråvær, skal institusjonen prøve å føre barnet frivillig tilbake. Dersom vedtaket som ligg til grunn for institusjonsopphaldet, gir tilgang til tilbakehalding og tilbakeføring ved rømming, kan leiar i kommunal barnevernsteneste, dersom det er naudsynt, krevje bistand frå politiet for å føre barnet tilbake til institusjonen mot viljen til barnet, jf. § 10-12. Dette gjeld for barn som har vedtak om tvangsplassering. Tvangsplassering kan vere vedtak om akuttplassering, vedtak om omsorgsovertaking eller vedtak om åtferdsplassering i behandlingsinstitusjon.
Det er i barnevernslova ulike reglar for inngrep i omsorgsinstitusjonar og behandlingsinstitusjonar for barn med alvorlege åtferdsvanskar. Det er også viktig å understreke at sjølv om regelverket opnar for å gjennomføre visse avgrensingar og inngrep overfor barnet, kan slike avgrensingar berre gjennomførast ved å nytte milde former for makt. Dette gjeld både på omsorgs- og behandlingsinstitusjonar.
Barn på barnevernsinstitusjon skal kunna bevege seg fritt innanfor og utanfor området til institusjonen. Det klare utgangspunktet er at institusjonen ikkje kan avgrense rørslefridomen til barnet. Barn har også som eit utgangspunkt, rett til fritt å kommunisere med andre, mellom anna å bruke elektroniske kommunikasjonsmiddel som mobil og pc, under institusjonsopphaldet, jf. § 10-2. Institusjonen kan gjennomføre visse avgrensingar i rettane til barnet ut i frå omsorgsansvaret for kvart enkelt barn, og ansvaret til institusjonen for tryggleik og trivsel for alle på institusjonen. Dette inneber at grensesetjinga til institusjonen må vere naudsynt for å vareta behovet til barnet. Institusjonen kan berre fastsetje avgrensingar som er allment aksepterte i oppsedinga av barn i lys av alderen og modnaden til barnet. Institusjonen kan avgrense rørslefridommen til barnet, rett til besøk og bruk av elektroniske kommunikasjonsmiddel når det er naudsynt ut frå ansvaret til institusjonen for å gi barnet forsvarleg omsorg. Når det gjeld inngrep i rørslefridommen til barnet, kan institusjonen fastsetje innetider o.l. Begrensningane må vere i samsvar med alderen til barnet og modnad og formålet med institusjonsopphaldet.
I situasjonar der barnet har ekstra behov for vern kan det ut frå omsorgsansvaret vere naudsynt å avgrense rørslefridomen til barnet med meir omfattande verkemiddel, til dømes ved at barnet for ein kort og avgrensa periode ikkje får forlate institusjonen eller må ha følgje av tilsette utanfor institusjonen. Slike avgjerder må knyte seg til konkrete hendingar som føreset behov for vern. Avgjerda kan ikkje gjelda generelt.
Behandlingsinstitusjonar for barn med alvorlege åtferdsvanskar har utvida moglegheit for å gjere inngrep i barnets rettar. Institusjonen kan vedta å innskrenke retten barnet har til å bevege seg fritt innanfor og utanfor institusjonsområdet, mellom anna å nekte barnet å forlate institusjonsområdet. Institusjonen kan låse døra til institusjonen for det enkelte barnet eller krevje at barnet har følgje av tilsette utanfor institusjonen, jf. § 10-9 bokstav a og b. Eit slikt vedtak kan maksimalt treffast for inntil 14 dagar av gongen. Eit slikt vedtak er inngripande, og det blir stilt strenge krav til naudsyn og proporsjonaliteten av tiltaket. Formålet med ovannemnde inngrep må vere å gi det enkelte barnet hjelp, ikkje verna samfunnet mot lovbrot. Tilsette på institusjonen kan som nemnt, berre bruke milde former for fysisk makt som å halde barnet kortvarig fast eller prøve å leia barnet bort frå situasjonen, dersom det er nødvendig for å setja i verk eller gjennomføre vedtekne innskrenkingar.
Regjeringa utnemnde 22. juni 2022 eit eige barnevernsinstitusjonsutval. Utvalet skal greia ut institusjonsbarnevernet og gi tydelege forslag til endringar som gjer at barn som i dag blir flytta til institusjon, får betre hjelp. Utvalet skal mellom anna greie ut kva for tilbod barn som treng hjelp frå barnevernet skal få i barnevernsinstitusjon, og kva hjelp som bør dekkjast gjennom andre barnevernstiltak eller i form av tilbod frå tilgrensande sektorar. Utvalet skal også greia ut eit alternativ som gjer det mogleg å fjerne åtferda til barnet som grunnlag for vedtak om institusjonstiltak etter barnevernslova. Utvalet skal gi utgreiinga i form av ein NOU med endelege tilrådingar i oktober 2023.
Vidare varsla Barne- og familiedepartementet i Prop. 133 L (2020-2021) ein gjennomgang av reglane for rettar og inngrep på barnevernsinstitusjon. Departementet vil vurdere behov for endringar i regelverket i forbindelse med den varsla kvalitetsreform i barnevernet.
Den 21. juni 2023 oppnemnde regjeringa eit nytt utval som skal sjå på korleis Noreg best kan ivareta personar med alvorleg psykisk sjukdom som har gjort seg skyldig i lovbrot. Utvalet skal mellom anna vurdere korleis sikta og domfelte med alvorleg psykisk sjukdom eller utviklingshemming som har opphald i barnevernsinstitusjonar, best kan bli ivareteken. Utvalet skal levera si utgreiing 1. september 2024.
Dei same strafferettslege reaksjonane som blir nytta overfor vaksne, kan i utgangspunktet også blir nytta overfor barn. Likevel gjer særskilde omsyn seg gjeldande, og i norsk rett blir lovbrytarar som var under 18 år på handlingstidspunktet, behandla vesentleg mildare enn lovbrytarar over 18 år. Terskelen for å fengsle barn og unge som var under 18 år på handlingstidspunktet, er høg. Fengselsstraff blir berre tillaten der dette er særleg påkrevd. Det er grunn til å tru at ein reduksjon i talet på unge som blir dømde til fengselsstraff har medført at fleire barn som gjer alvorleg og gjenteken kriminalitet i staden får tiltak i barnevernet. Både ungdomsstraff og ungdomsoppfølging er særskilde reaksjonar meint for lovbrytararar mellom 15 og 18 år på handlingstidspunktet. Reaksjonane er eit alternativ til fengselsstraff og dei strengaste samfunnsstraffene. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med å forbetre straffereaksjonane for ungdom og har hatt forslag til lovendringar på høyring. Forslaga er under oppfølging i departementet.
Eg har vidare vore opptatt av å finne tiltak for å redusere talet på barn busett i barnevernsinstitusjonar i Agder, og sikre betre geografisk spreiing i institusjonstilbodet. Derfor har eg no bedt Bufdir sørgje for at det i minst mogleg grad blir kjøpt institusjonsplassar frå private institusjonar i Agder når barn og unge skal flytte på institusjon. Unntaket er barn som har bustadkommune i Agder. Denne føringa gjeld ut 2023. Barn som bur på ein barnevernsinstitusjon skal leve så normalt som mogleg, med positive nettverk og gode tilbod frå andre tenester, som skule, fritidsaktivitetar og helse. Viss det blir for mange barnevernsinstitusjonar i ein del av landet kan det skape eit krevjande nærmiljø, som vi har sett i Agder den siste tida, der både barnevernsinstitusjonar og politiet har hatt utfordringar med einskilde ungdommar. Dette er ein uheldig situasjon, som vi må bort frå. I ny kvalitets- og godkjenningsforskrift er det no også presisert at tett geografisk konsentrasjon kan inngå som eit moment i vurdering av om institusjonen kan gi barn forsvarleg omsorg og behandling. Eg har bedt Bufdir sørgje for at Bufetat, som godkjenner institusjonar, er særleg merksame på dette ved handsaming av eventuelle nye søknader om godkjenning av institusjonar i Agder.