Svar
Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa er oppteken av ansvarleg utvikling og bruk av kunstig intelligens (KI) i Noreg. Arbeidet EU gjer med å få på plass ei forordning som regulerer bruk av KI er viktig, men eg vil òg framheve at Noreg og resten av Europa allereie har ei rekke gode, teknologinøytrale lovar som òg dekker KI. Utvikling og bruk av KI må for eksempel vere i tråd med personopplysningslova, lov om likestilling og forbod mot diskriminering, forvaltningslova og forbrukarregelverket. Innanfor fleire fagfelt, for eksempel helse, er det sektorspesifikke reglar som regulerer KI.
Samtidig er eg einig i at det òg finst område der det kan vere bruk for meir eller betre regulering. KI og andre digitale teknologiar er grenseoverskridande, det er derfor viktig med internasjonalt samarbeid for å kunne regulere dette området effektivt. Noreg deltek i Europarådet sin «Committee on Artificial Intelligence» (CAI). Denne komiteen arbeider med å framforhandle ein konvensjon om utvikling, design og bruk av KI som vil sette ytre rammer for korleis KI kan utviklast for å ivareta menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. Konvensjonen vil vere eit juridisk bindande instrument og blant anna danne ei ytre ramme for EU si KI-forordning. Komiteen arbeider i tillegg for å inkludere viktige tredjeland som USA, Canada og Japan i konvensjonen. Noreg deltek òg i arbeid i internasjonale organisasjonar som OECD og UNESCO for å påverke utviklinga av KI internasjonalt.
EU sitt arbeid på dette området er òg svært viktig. Når EU si KI-forordning er vedtatt, vil den i praksis vere den grunnleggande reguleringa på KI-området. EU si KI-forordning vil på nokre område innebere eit viktig skrift framover i felles regulering innanfor EU/EØS-området, samstundes er det viktig med ytterlegare regulering framover for å møte utviklinga. Dette vil Noreg bidra med innspel til gjennom EØS-samarbeidet.
Ei forordning frå EU som skal tas inn i norsk rett, må tas inn utan endringar. Når ei forordning frå EU skal innlemmast i norsk rett, må først EØS-komiteen behandle ho, slik at ho kan tas inn i EØS-avtalen. Saker som treng lovendring i Noreg, Island eller Liechtenstein, eller som er av særleg nasjonal betydning, kan trenge parlamentssamtykke i eit eller fleire av EFTA-landa i EØS, i medhald av artikkel 103 i EØS-avtalen, før EØS-komiteen sitt vedtak blir rettskraftig. Om Noreg tar slikt atterhald, vil regjeringa fremje ein proposisjon til Stortinget og be om samtykke til EØS-komitévedtaket.
Behandling i EØS-komiteen krev såleis at medlemslanda er klare med sine nasjonale vurderingar. Sjølv om ein kan førebu seg gjennom å følgje prosessen i EU tett, kan ein ikkje fullføre behandlinga før forordninga er vedtatt i EU. Det er derfor ikkje mogleg for meg å love at KI-forordninga vil bli innført i Noreg raskast råd før eg – og Stortinget – har sett den endelege rettsakta frå EU.
Fordi forordninga, slik det nå ser ut, ikkje vil gjelde før 24 månader etter at ho trer i kraft, vil Noreg kunne innføre forordninga parallelt med EU-landa, om vi ønsker dette. For å vere best mogleg førebudd når forordninga blir vedtatt, har regjeringa bestemt at det skal settast ned ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe som skal lage ein plan for å sikre god og rettidig gjennomføring av KI-forordninga i Noreg. Denne gruppa har òg fått i oppgåve å vurdere eventuelle nasjonale reguleringsbehov. Gruppa skal rapportere til regjeringa hausten 2023.