Ingrid Fiskaa (SV): Det hastar å regulera autonome våpensystem. Ti år med diskusjonar i FNs Våpenkonvensjon i Genève har ikkje ført fram, men no har 90 land, mellom andre allierte europeiske land som Nederland og Spania, tatt til orde for ei juridisk bindande regulering. Trass i at den internasjonale debatten har skote fart, er det uklart kva den norske regjeringa meiner skal til for å regulera desse våpna.
Kva er regjeringa sin plan for regulering av våpensystema, og vil utanriksministeren utvikla norske posisjonar slik andre allierte har gjort?
Begrunnelse
Det vert utvikla stadig fleire autonome våpensystem – system som brukar makt basert på prosessering av sensordata, utan at menneske har full kontroll over valdsbruken. Det hastar å få på plass eit internasjonalt regelverk for å sikra menneskeleg kontroll over slike våpensystem for å overhalda juridiske, moralske og etiske prinsipp. Enkelte autonome våpensystem – såkalla drapsrobotar – bør også bli forbodne. Det er det allereie stor internasjonal semje om.
Etter fleire år med diskusjonar ser me no ein framgang i det internasjonale arbeidet for regulering. Det er totalt 90 land som no meiner at me treng eit slikt regelverk. Blant desse er 10 europeiske land, herunder NATO-allierte som Nederland, Belgia, Spania, Luxemburg og Portugal. I februar i år uttala eit samla Latin-Amerika, saman med Portugal og Spania, seg om behovet for ei juridisk bindande avtale.
Ifølgje Hurdalsplattforma vil regjeringa «ta naudsynte initiativ for å regulera utviklinga av sjølvstyrte våpensystem». Likevel er det ikkje tydeleg korleis Noreg vil regulera slike våpen. Noreg har ikkje, som andre europeiske land, utvikla ein eigen posisjon på feltet.
Regulering av autonome våpensystem kjem til å vera eit viktig tema på Generalforsamlinga i FN i september. Det gjev den norske regjeringa eit høve til å setja i verk si eiga plattform og aktivt ta initiativ for juridisk bindande reglar for autonome våpensystem i lag med andre progressive land.