Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2692 (2022-2023) Innlevert: 28.06.2023 Sendt: 29.06.2023 Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren Besvart: 04.07.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Roy Steffensen (FrP): Hvor mange færre ansatte er det samlet i kommunikasjonsavdelingene i departementer, underliggende etater og 100 % statlig eide selskaper per 1. juni 2023, sammenlignet med når Ap/Sp kom inn i regjering?
Sigbjørn Gjelsvik: Departementet har ikkje oversikt over det samla antal tilsette i kommunikasjonsavdelingane i departementene og underliggande etatar per 1. juni 2023. Dei siste tala som departementet har om antal tilsette i kommunikasjonsavdelingane i statsforvaltninga er frå 2021. Dermed er det ikkje mogleg per no å samanlikne antal tilsette per 1. juni 2023 med antalet tilsette ved regjeringsskifte 14. oktober 2021.Tala frå 2021 dekker nesten 95 prosent av verksemdene i statsforvaltinga. Desse har Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) publisert i «DFØ-rapport 2023:3 Mye mer enn ord. En kartlegging av kommunikasjonsfunksjonen i staten». Dette var den fyrste kartlegginga av kommunikasjonsfunksjonen i staten. Kartlegginga blei send til dei 176 verksemdene i statsforvaltninga som rapporterer til statsregnskapet, utan Stortinget med underliggande organ, Sametinget og Domstolane, då desse ikkje er underlagt regjeringas instruksjonshøve. Av desse svarte 167.Dei 167 verksemdene, dvs. departementa og underliggande verksemder, som har oppgitt tal for 2021, hadde samla 1755 arbeidsforhold i kommunikasjonseininga i gjennomsnitt for året. I tillegg er det 152 arbeidsforhold knytt til kommunikasjon som hovudoppgåve, men som arbeid utafor kommunikasjonseininga. Dermed er det totalt 1907 arbeidsforhold i kommunikasjonsfunksjonen.Tala er basert på rapportering til a-ordninga og er gjennomsnittlege årstal. Tilsette er definert ved antal arbeidsforhold, dvs. alle som fekk løn i ei verksemd og som blei reikna som sysselsatt.Når det gjeld 100 % statleg eide selskapa, må det enkelte selskapet svare for sin ressursbruk. Departementet har ikkje slike tal.