Frank Edvard Sve (FrP): Kan Trygve Slagsvold Vedum bekrefta at det faktisk er finansministeren som har ansvaret for skattar og avgifter i ei regjering, og er finansministeren einig med SPs Per Ivar Lied at alle skattane og avgiftene som regjeringa har vedteke og lagt fram er gjort mot SP si vilje, og kun er AP sitt ansvar?
Begrunnelse
I Sunnmørsposten den 21/6-2023 kunne ein lese at SP sin Per Ivar Lied som er fyrstekandidat til fylkestingsvalget, i Møre og Romsdal uttaler følgjande:
"Vi har fått nok av skattene som Arbeiderpartiet innfører, sier SPs toppkandidat, Per Ivar Lied."
Vidare seier han:
"Det vi ser på nasjonalt plan med at Arbeiderpartiet har innført en rekke nye skatter som vi er imot, gjør at vi ønsker å se den andre vegen, sier Lied."
Per Ivar Lied har som kjent også hatt verv i regjeringa som politisk rådgjevar, og så vidt eg veit er SP ein del av regjeringa enda.
At ein toppkandidat i SP skuldar på regjeringspartner AP for alle dei vanvittige skattane og avgiftene som denne regjeringa har innført, er mildt sagt spesielt.
Enda meir spesielt blir dette når det frå Per Ivar Lied blir hevda at SP er imot desse skattane og avgiftene, når deira eigen finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum er den som faktisk har ansvaret for alle desse skattane og avgiftene i regjeringa.
Korleis veljarane skal har tiltru til eit parti slik som SP, som spelar så "greinalaust på to hestar", må vere eit signal på at panikken breier seg der i gården.