Svar
Jon-Ivar Nygård: Ruspåverka køyring er ein betydeleg faktor i alvorlege trafikkulykker, og regjeringa jobbar aktivt, langsiktig og tverrsektorielt med konkrete tiltak på området. Det er urovekkjande at så mange vert tekne for ruspåverka køyring på norske vegar. Samstundes er det positivt at politiet nå avdekkjer fleire lovbrot. Dette gir både ein allmenn- og individualpreventiv effekt for trafikktryggleiken.
Kontroll
For å auke den faktiske risikoen for å bli oppdaga, skal politiet gjennomføre ein førebels test for alkoholpåverknad av alle førarar som blir stansa i trafikkontroll.
Politidirektoratet (POD) opplyser at auken i talet på saker med ruspåverka køyring den seinare tida først og fremst kjem av at kontrollane til politiet har vorte meir effektive, som følgje av at politiet har teke i bruk nye apparat, «spyttestarar», som har ført til at fleire førarar blir melde enn tidlegare. Utviklinga har skjedd utan at verken resultatmål eller kontrollressursane til politiet er auka.
I 2022 vedtok POD å auke talet på spyttestarar, med det formål å effektivisere ruskontrollane til politiet. 200 nye apparat skulle finansierast sentralt utan å belaste budsjetta til Utrykkingspolitiet (UP) og politidistrikta. Tildelinga førte til ei fordobling av talet på apparat. I dag er det over 400 spyttestarar i patruljebilane i politidistrikta og UP. Spyttesten «DrugWipe» testar for påverknad av cannabis, opiat, kokain, amfetamin/metamfetamin og benzodiazepinar. Eit positivt resultat/utslag ved bruk av spyttesten blir følgt opp med ei blodprøve av førar for bevissikring i straffesaka. At auka resultatoppnåing først og fremst kjem av auka effektivitet i politikontrollane blir støtta av at vi ser at auken er størst for ulovleg ruskøyring med narkotika og legemiddel.
Politiet opplyser at dei vil halde fram å prioritere å avdekkje og førebyggje ruspåverka køyring og fartslovbrot i den vidare innsatsen for betre trafikktryggleik. Prognosen tilseier at politiet sannsynlegvis vil avdekkje fleire ulovlege ruskøyringar i 2023 enn i 2022.
Strengare reglar for uerfarne sjåførar
Unge førarar (yngre menn) som har hatt førarkort i relativt kort tid, er overrepresenterte i statistikken over kven som køyrer rusa i trafikken. Gjeldande vegtrafikklovgiving inneheld difor særskilte incentiv retta mot å få ferske førarar til å avstå frå ruspåverka køyring. Til dømes vil førarar med førarkort på prøve (dvs. dei to første åra) tape føreretten ved straff for ruspåverka køyring, også ved lågare grad av påverknad (svarande til 0,5 promille og lågare). Dersom ein tapar føreretten for ein periode under prøvetida, uavhengig av lengde, må det avleggjast full ny førarprøve, dvs. både teoretisk og praktisk prøve, for å gjenerverve føreretten.
Tolletaten har fått lovheimel til å utføre førebels hurtigtesting av om motorvognførar er ruspåverka
Frå 1. juli 2023 vart det sett i verk endringar i vegtrafikklova som gir Tolletaten tilgang til å utføre førebels test av om førar av motorvogn er ruspåverka. Testen kan takast når motorvogna er stansa i samband med ein vareførselskontroll. Tolletaten vil òg ha tilgang til å halde føraren tilbake med makt dersom vedkommande prøver å unndra seg kontroll eller inntil føraren er overlevert politiet.
Det har til no berre vore politiet som har hatt myndigheit til å gjennomføre kontroll av ruspåverka køyring. Tolletaten stansar allereie i dag førarar som er openbert ruspåverka, men så lenge Tolletaten ikkje har hatt moglegheit til sjølv å gjere førebels test, har enkelte sloppe unna kontroll og heldt fram med å utgjere ein fare for seg sjølv og andre trafikantar. Formålet med lovendringa er å ytterlegare styrkje kontrollar med ruspåverka køyring, og dette vert forventa å ha ein førebyggjande effekt.
Kunnskap og haldningsskapande arbeid
For å finne fram til målretta og effektive tiltak i trafikktryggleiksarbeidet er det viktig med god kunnskap om risiko og omfang med omsyn til ruskøyring. For å få eit bilete av omfanget av ruspåverka køyring vert det gjennomført vegkantundersøkingar, der utveljinga av førarar er tilfeldig. Seksjon for rusmiddelforsking ved Oslo universitetssjukehus (OUS) vil utføre ei større vegkantundersøking i 2025/2026, basert på analyse av spyttprøver. Denne vegkantundersøkinga vil omfatta både alkohol, illegale rusmiddel og trafikkfarlege legemiddel.
Haldningsskapande arbeid er òg ein viktig del av det samla arbeidet for å redusere omfanget av køyring i ruspåverka tilstand. Fleire interesseorganisasjonar gjennomfører viktige tiltak.
Avslutningsvis vil eg vise til Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2022-2025 som dei ulike aktørane i trafikktryggleiksarbeidet er saman om å utarbeida. Kapittel 7 gjeld tiltak mot rus. Sjå lenke, Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet 2022-2025 (vegvesen.no).