Helge André Njåstad (FrP): Kva konkrete tiltak vil justisministeren setje i verk for å sikre at denne viktige teknologien blir nytta effektivt for å verne offer for partnarvald?
Begrunnelse
I møte med Vest Politidistrikt under eit foredrag om partnarvald kom det fram at sidan teknologien Omvendt valdsalarm blei sett ut i livet så har Vest Politidistrikt kun fremma og fått medhald for tre slike alarmar.
FrP si haldning til dette er at offeret må leve i frykt medan valdsutøvar kan stort sett vandra ferdast fritt. I sterk motstrid til intensjonen med omvendt valdsalarm. Derfor burde dette vært brukt langt meir slik at offeret kan leve meir normalt og utan frykt.