Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2720 (2022-2023)
Innlevert: 30.06.2023
Sendt: 30.06.2023
Besvart: 06.07.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Hva er andelen ideelle aktører innenfor barnevern per nå og når anslår/forventer statsråden at man kommer i mål om bruk av ideelle, jfr. Hurdalsplattformen?

Begrunnelse

27. juni 2023 signerte statsråd Toppe sammen med representanter fra Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Ideelt Barnevernsforum og arbeidsgiverorganisasjonene Abelia og Virke ideell og frivillighet en intensjonsavtale om at ideelle skal i større grad drive barnevernsinstitusjoner.
Ifølge avtalen som ble signert skal den ideelle andelen av plasser på barnevernsinstitusjon passere 40 prosent innen 2025.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa har i Hurdalsplattforma eit mål om å stoppe utviklinga mot kommersialisering og oppstykking av barnevernssektoren. Vi vil gradvis fase ut store kommersielle aktørar, avslutte bruken av konkurranseutsetjing og anbod og sikre ideelle verksemder langsiktige avtalar med det offentlege.
Regjeringa sitt arbeid med å auke ideelle opphaldsdøgn er omtalen i Prop. 118 S (2022-2023) i samband med RNB 2023. Delen ideelle var ved inngangen til 2023 26 prosent. Det er inngått nye avtalar med dei ideelle leverandørane i 2022, med fleire plassar og ein høgare del med kjøpsgaranti. Ytterlegare, større vekst vil avhenge av dei årlege budsjetta.
På kort sikt arbeider Bufdir med tiltak innanfor dei noverande økonomiske rammene, og har mellom anna dialog med dei ideelle leverandørane om fleire plassar. Eit anna tiltak vi har fått på plass, er ein intensjonsavtale mellom regjeringa og ideell sektor på institusjonsområdet.
Avtalen skal vere eit referansepunkt for dialog og samhandling mellom staten og partane i utviklinga av eit godt institusjonsbarnevern, og den skal bidra til ein koordinert og samordna innsats. Det er ikkje tallfesta i avtalen kor høg delen ideelle skal vere i 2025, men eg trur avtalen kan vere eit godt bidrag i arbeidet med å auke delen ideelle framover.