Skriftlig spørsmål fra Anne Kristine Linnestad (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2765 (2022-2023)
Innlevert: 02.08.2023
Sendt: 02.08.2023
Besvart: 17.08.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Anne Kristine Linnestad (H)

Spørsmål

Anne Kristine Linnestad (H): Hvordan jobber regjeringen med å styrke utmarksnæringer i samiske områder og hvilke næringspolitiske virkemidler mener statsråden det er viktigst å bruke?

Begrunnelse

Samiske utmarksnæringer har en viktig posisjon som samisk næring og kulturbærere. Det å legge til rette for at utmarksnæringen skal utvikles vil bidra til å øke verdiskapingen i samiske områder. Næringslivet i det samiske samfunnet preges av en høy andel enkeltmannsforetak med få ansatte og relativt liten omsetning. Stortingsmeldingen om samisk språk, kultur og samfunnsliv – Næringsgrunnlag for levende samiske lokalsamfunn, ble lagt fram av Solberg regjeringen i juni 2021, og i denne meldingen var det en rekke tiltak for å se på hvilke muligheter som finnes for å utvikle samisk næringsliv videre.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: I Meld. St. 37 (2020–2022) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Næringsgrunnlag for levende samiske lokalsamfunn er det gitt ei utfyllande utgreiing av næringsgrunnlaget i samiske område og dei relevante næringspolitiske verkemidla. Under behandlinga av saka i Stortinget 3. mars 2022 var det brei semje om at fråflytting og befolkningsnedgang er blant dei store utfordringane i samiske område, og at eit aktivt og mangfaldig næringsliv er avgjerande for levedyktige samiske samfunn.
Tradisjonelle samiske næringar, slik som reindrift, fiske og utmarksbruk, er det materielle grunnlaget for samisk kultur og samfunnsliv, og har stor betydning for vidareføringa og ut-viklinga av samiske språk. Ei styrking av utmarksnæringane vil kunne bidra positivt for samiske språk og kultur, og for samfunnsutviklinga i samiske lokalsamfunn, men det krev innsats frå fleire aktørar. Fylkeskommunane og statsforvaltarane er viktige for å støtte opp om utviklingsarbeidet i kommunane. Dei har ansvar som femnar fleire sektorar, dei har ulike verkemiddel og rettleiings- og samordningsroller, og dei har relevant kunnskap om utfordringane.
Samiske utmarksnæringar er avhengige av tilgang til areal for å nyttegjere seg av naturressursane. Ei aktiv og bevisst planlegging i kommunar og fylke er viktig for ivaretakinga og utviklinga av samisk næringsutøving. Regjeringa la i juni 2023 fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Det samiske perspektivet og rettane til samane som urfolk vert omtala fleire stader i dokumentet.
Ved å dra vekslar på allereie eksisterande ordningar vil ein kunne legge til rette for at fleire utmarksutøvarar kan tenkje nytt og større om eigen verksemd. Då er gode rådgjevingsmiljø viktige. Slike miljø finn vi i næringshagane. Sápmi Næringshage er lokalisert i Tana, Nesseby, Karasjok, Porsanger og Kautokeino, i eit område der det mellom anna er lange avstandar og einsidig næringsstruktur. Næringshagen er eigd av dei fem kommunane og 14 regionale verksemder og kom inn på Sivas næringshageprogram i 2016. Næringshagen kom med i ny programperiode for næringshageprogrammet i 2023–2032, med ein søknad som Siva rangerte som den beste i Noreg. For å forstå kva verkemiddel verksemdene treng for å auke verdiskapinga, må ein òg forstå kva som skil gründerar og verksemder i regionen frå andre delar av landet. Ifølgje Sápmi Næringshage handlar det om kva motiv ein har for å starte for seg sjølv. Grunnverdien hos mange av dei samiske næringsdrivande er at ein skal «klare seg». Det samiske uttrykket birgejupmi handlar om grunnlaget for livsopphald. Det er ein økonomisk drivar som ein må forstå og respektere for å utløyse verdiskaping.
Sametinget er ein viktig aktør i utviklinga av samiske område. I meldinga Šattolaš Sápmi – Bærekraftig næringsutvikling har Sametinget sett som mål å bidra til vekst og utvikling av eit berekraftig næringsliv i samiske område. Sametinget har som folkevalt organ friheit og ansvar til å prioritere løyvingar gitt over kap. 560, post 50 i dei årlege statsbudsjetta. Av den totale budsjettramma på 592 mill. kroner i 2023 har Sametinget sett av totalt 46 mill. kroner til ulike næringsformål.