Skriftlig spørsmål fra Roy Steffensen (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2786 (2022-2023)
Innlevert: 04.08.2023
Sendt: 04.08.2023
Besvart: 11.08.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Roy Steffensen (FrP)

Spørsmål

Roy Steffensen (FrP): Hva er status og fremdrift på utbetaling av forskudd og erstatning etter pelsdyrforbudet, og når forventer statsråden at erstatningssakene endelig avsluttes?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Då eg vart utnemd til statsråd varsla eg at saka med erstatning til pelsdyrbøndene var høgt prioritert. Eg har tidligare som stortingsrepresentant engasjert meg for å sikre eit anstendig oppgjer for pelsdyrbøndene heilt sidan Høgre, Framstegspartiet og Venstre gjekk inn for eit forbod.
Det er mange tidligare pelsdyrbønder som står i ein vanskeleg situasjon på grunn av næringsforbodet frå Solberg-regjeringa. Denne regjeringa har kraftig auka erstatninga, og no er eg utålmodig etter å få sluttført det. Det vil skje i tett dialog med næringa og deira organisasjon.
Landbruksdirektoratet handsamar krava om erstatning, og eg har som statsråd allereie hatt møte med direktoratet om dette arbeidet. Direktoratet har gjeve meg ei oppdatering på status og framdrift med arbeidet. Dei har og henta inn fleire ressursar for å arbeide med erstatninga. Eg har understreka at erstatningsoppgjeret etter forbodet mot hald av pelsdyr har høg prioritet og at det i 2023 må gjevast så mange endelege tilbod som mogleg.
For å redusera konsekvensane av forseinkinga, gjev direktoratet tilbod om førebels erstatning med 90 % av midlertidig utrekna bruksverdi, eller 75 % av nedskriven attkjøpsverdi, om det ligg føre takst som tidlegare er utarbeidd på oppdrag frå Norges Pelsdyralslag.
Landbruksdirektoratet har opplyst at 60 saker om tilbod om førebels erstatning framleis ikkje er avgjort. Det er venta at dei fleste av desse sakene vil bli avgjorde i løpet av august, så framt all nødvendig dokumentasjon for å handsama sakene er motteke.
Det er så langt gjeve ni endelege tilbod om erstatning basert på tidlegare innhenta takstar. Norsk Landbrukstakst leverer no laupande nye takstar, og til no har Landbruksdirektoratet motteke 37 takstar. Landbruksdirektoratet vil starte arbeidet med endelege tilbod basert på nye takstar i slutten av august.