Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:2787 (2022-2023)
Innlevert: 04.08.2023
Sendt: 04.08.2023
Besvart: 11.08.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): I sommar var me vitne til den varmaste dagen nokosinne, og fattige folk flyktar frå heimstadene sine fordi det ikkje lenger går an å leva av den uttørka jorda. Den 5. oktober møtest verdas donorland for å fylla på FNs grøne klimafond for perioden fram til 2027. Enkelte land har allereie annonsert bidraga sine for å motivera verdas rike land til å grava djupt i lommene.
Kor mykje kjem Noreg til å auka sitt bidrag til det grøne klimafondet GCF med i neste periode?

Begrunnelse

Noreg er gjennom sine mange år med høge klimagassutslepp blant dei landa som har forplikta seg til å hjelpa utviklingsland med klimatilpassing og kutt av klimagassutslepp. På klimatoppmøtet i Glasgow (COP26) i 2021 lova Noreg å bidra til å dobla klimafinansiering til utviklingsland fram mot 2026, herunder ei tredobling av støtta til klimatilpassing. Som regjeringa sjølv stadfester så er FNs grøne klimafond (GCF) ein vesentleg samarbeidspartnar for norsk multilateral klimatilpas­singsfinansiering.
Den 5. oktober 2023 vert det skipa ein konferanse der donorland skal annonsera kor store bidrag dei vil løyva til det grøne klimafondet (GCF) i perioden 2024-2027. Tyskland, Canada, Østerrike, Tsjekkia og Monaco har allereie annonsert sine løyvingar for å motivera og inspirera andre rike land til å auka sine bidrag. Tyskland lovar heile 2 milliardar euro for perioden. Alle fem aukar løyvingane sine samanlikna med førre periode.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Alvoret i klimaendringane vert stadig tydelegare både globalt og nasjonalt. Det rammar dei fattigaste hardast. Noreg bidreg med støtte både til utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland. Noreg har som målsetting å doble klimafinansieringa frå 7 mrd. kroner i 2020 til meir enn 14 mrd. kroner, seinast innan utgangen av 2026. Innanfor denne målsetjinga skal støtta til klimatilpassing verte minst tredobla.
Det grøne klimafondet (GCF) er hovudmottakar for klimafinansieringsmidlar under klimakonvensjonen. Noreg er allereie ein viktig bidragsytar til GCF. I perioden frå 2020 til 2023 bidreg me med 800 mill. kroner årleg. Regjeringa sitt framlegg til det norske bidraget i kommande periode vil vi presentere i budsjettframlegget til Stortinget i oktober.