Alfred Jens Bjørlo (V): Vil statsråden i samband med Nasjonal Transportplan 2025-2036 sørge for føreseielege og gode retningsliner for ferjeavløysingsprosjekt på riksvegnettet i tråd med dei retningslinene som no er etablert for ferjeavløysingsprosjekt på fylkesvegnettet, for å sikre at ferjeavløysingsprosjekt kan realiserast etter same spelereglar uansett om det er fylkeskommunen eller staten som er vegeigar?
Begrunnelse
Det har over lang tid blitt utarbeidd stadig betre «køyrereglar» for ferjeavløysingsprosjekt på fylkesvegnettet, der innsparte framtidige kostnader til ferjedrift kan nyttast som del av finansieringa av vegprosjekt som erstattar ferje.
Når det gjeld ferjeavløysingsprosjekt på riksvegnettet, finst det pr i dag ikkje tilsvarande føreseielege og tydelege retningsliner. Eit konkret eksempel er planane om Nordfjordbrua Anda-Lote, som vil erstatte noverande ferjesamband Anda-Lote på E39. Ein av årsakene til at det har vore vanskeleg å få tydelege avklaringar om dette prosjektet, er usikkerheit om sambandet sin status eit stykke inn i framtida i samband med prosjektering av ny ferjefri E39. Det er likevel ingen tvil om at sambandet Anda-Lote vil måtte vere ein funksjonell veg der det enten er ferje- eller brusamband «til evig tid» med betydeleg trafikk, uansett framtidig trase for E39 gjennom Nordfjord, der den planlagde framtidige traseen ikkje vil erstatte ferjesambandet Anda-Lote. Det er gjort omfattande, fagleg forankra trafikkprognoser som dokumenterer dette.
Det er svært uheldig om framdrifta for gode, samfunnsøkonomiske ferjeavløysingsprosjekt som Nordfjordbrua Anda-Lote stoppar opp på grunn av uklarheit om kva forvaltingsnivå som har ansvar for prosjektet, kven som er formell «vegeigar» i framtida og at det ikkje er samsvarande retningsliner for elles like prosjekt på fylkesveg- og riksvegnettet. Det er uansett trafikantane og det offentlege som finansierer vegnettet – og eit samfunnsøkonomisk godt prosjekt som sparer pengar for trafikantar og det offentlege i framtida, er nøyaktig like godt uansett kven som er formell vegeigar.
Eg syner også til at leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp), i intervju med avisa Firda Tidend i sommar (7. juli), meiner at det hastar med å få slike retningsliner på plass også for riksvegnettet, og at Nordfjordbrua Anda-Lote er eit godt døme på kvifor det er nødvendig.