Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren bekrefte at pengar er lovleg betalingsmiddel på alle kollektivtjenester i Norge, og kva vil ministeren gjere med dei selskap som nektar reisande å betale med pengar?
Begrunnelse
I eit innlegg i SMP vart det gjenngjeve ein situasjon fra 18. juli på ein buss i strekninga Molde -Ålesund, der ei eldre dame vart nekta å betale med pengar. Når ei ung dame ville hjelpe til fekk ho streng beskjed frå bussjåføren om,
"ikkje bland deg i noe som ikkje har noko med deg å gjere".
I ein artikkel i TV2 skrives det at en 80 år gammal dame vart nekta buss fordi ho kun ville betale med pengar, og måtte gå av bussen.
Pengar er lovleg betalingsmiddel i Norge, og det kan ikkje vere slik at reisande skal bli nekta å bruke kollektivtjenester med bakgrunn i at ein ynskjer å betale med eit lovleg betalingsmiddel.