Skriftlig spørsmål fra Anna Molberg (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2835 (2022-2023)
Innlevert: 08.08.2023
Sendt: 10.08.2023
Besvart: 15.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Anna Molberg (H)

Spørsmål

Anna Molberg (H): Hva er bakgrunnen for nedgangen i antall politiansatte i Innlandet politidistrikt og vil det bli ansatt flere politifolk i inneværende år?

Begrunnelse

Ifølge politiets oppdateringer på politiet.no var det i Innlandet politidistrikt per. 31.01.2023 649,6 politistillinger. Per 30.06.2023 var det 632,3. Dette tilsvarer rundt 17 færre stillinger siden januar i år.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Det er opp til kvart enkelt politidistrikt og Politidirektoratet å disponere ressursane slik dei finn det best så lenge det er i tråd med føringane gitt av Stortinget og departementet. Departementet har ikkje lagt føringar for talet på tilsette i Innlandet politidistrikt, og det er derfor opp til politimeisteren å prioritere talet på tilsette opp mot andre behov. Om Innlandet politidistrikt vil tilsetje fleire polititenestepersonar i løpet av 2023 er derfor avhengig av prioriteringane som blir gjorde av politimeisteren i distriktet. Eg har tiltru til at politimeisteren gjer dei prioriteringane som gir mest mogleg politikraft innanfor dei rammene Stortinget og departementet har sett.
Eg registrerer at politiet sjølv melder at dei har halde for høg fart på bemanningssida inn i 2023, og at dette kan få noko å seie for bemanningsutviklinga. Dette kan også vere noko av årsaka til at det er nokre færre politiårsverk i Innlandet politidistrikt i juni samanlikna med januar. I tillegg er det ikkje unaturleg med variasjonar i bemanninga gjennom året etter kvart som tilsette går av med pensjon, skiftar jobb osb.
Eg vil understreke at denne regjeringa prioriterer politiet. Då vi starta vart politiet mellom anna styrkt med 200 millionar kroner i budsjettet for 2022. I budsjettet for i år prioriterer vi å bruke ressursar på betre lokale polititenester og beredskap, og mindre på m.a. sentral administrasjon og konsulentar. I tillegg har regjeringa nettopp fått gjennomført den største prioriteringa av politiet i eit revidert nasjonalt budsjett vi kjenner til, med ein auke på 550 mill. kroner. Auken vil bidra til at politiet kan ha eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå, også i Innlandet politidistrikt.