Skriftlig spørsmål fra Linda Hofstad Helleland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2836 (2022-2023)
Innlevert: 10.08.2023
Sendt: 10.08.2023
Besvart: 15.08.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Linda Hofstad Helleland (H)

Spørsmål

Linda Hofstad Helleland (H): Hvilke funn fra FFIs rapport om valgpåvirkning anvendes for å forhindre valgmanipulasjon i årets kommune- og fylkestingsvalg, og hvordan arbeider statsråden med å forhindre at ny teknologi som kunstig intelligens misbrukes til valgmanipulasjon?

Begrunnelse

Fremskrittene innenfor kunstig intelligens vil være svært viktige innenfor både næringslivet og offentlig sektor, men som all teknologi kan den både brukes og misbrukes.
Misbruk av generativ kunstig intelligens har vært kjent i lang tid. Faren for valgmanipulasjon ved bruk av for eksempel deep fakes, en avansert teknikk for å endre video- og lydmateriale, er reell og omtalt i Norges nasjonale strategi for kunstig intelligens. Etter at generativ kunstig intelligens for alvor ble allment tilgjengelig i fjor høst, er det ikke bare blitt lettere å spre desinformasjon, men desinformasjonen er også blitt mer overbevisende. Bruk av kunstig intelligens til valgmanipulasjon er ved flere anledninger dratt frem som en av de store utfordringene med teknologien.
I fjor høst kom også Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) med en rapport om scenarioer for uønsket påvirkning i forbindelse med norske valg, med statsrådens eget departement, Kommunal- og distriktsdepartementet, som oppdragsgiver. En av konklusjonene i rapporten er at kunnskapsgrunnlaget om spredning av desinformasjon hele tiden må videreutvikles, blant annet grunnet teknologifremskritt. Siden den gang har de teknologiske fremskrittene fortsatt, og det er grunn til bekymring for teknologiens kapabilitet til valgpåvirkning.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa jobbar langs fleire spor for å sikre vala mot uønskt påverknad. At vala vert gjennomført på ein sikker og rett måte er avgjerande for at vi skal kunne ha tillit til valgjennomføringa og valresultata. Dette er derfor eit tema regjeringa arbeider aktivt med.
Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe med korleis vi kan styrke motstandsdyktigheita mot uønskt påverknad av val. For å ha god kontinuitet i dette arbeidet, skal arbeidsgruppa jobbe fram til og med stortingsvalet i 2025. Arbeidsgruppa sikrar at vi jobbar godt og koordinerer innsatsen på tvers av departementa og sektorane. Den er leia av Kommunal- og distriktsdepartementet og er samansett av medlemmer frå Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og relevante underliggjande organ. Mellom anna er EOS-tenestene, Politidirektoratet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Valdirektoratet og Medietilsynet representerte.
Arbeidsgruppa la før sommaren fram ein tiltaksplan med 16 tiltak for å sikre valet. Tiltaka treff ulike aktørar og har som mål at både kommunar, veljarar, valmyndigheiter og kandidatar ved valet skal få auka medvit om påverknad. Fleire av tiltaka handlar om å auke bevisstheita om korleis forsøk på uønskt påverknad kan skje. Derfor skal blant anna Medietilsynet gjennomføre kampanjar om kritisk medieforståing og utarbeide undervisningsopplegg om kunstig intelligens for å styrke kritisk medieforståing. I løpet av sommaren har alle kandidatar i årets val fått tilsendt ein informasjonsbrosjyre med sikkerheitsråd utarbeidd av EOS-tenestene.
Som representanten viser til, er det eit behov for å heile tida utvikle kunnskapsgrunnlaget for å halde tritt med utviklinga. Regjeringa held fram med forsking for å kartleggje og analysere om norske val vert utsett for uønskt utanlandsk påverknad. Departementet inngjekk i mai avtale med Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) om eit nytt treårig forskingsprosjekt om dette. Til skilnad frå oppdraga ved dei førre vala, vil vi no få kartlagt og analysert eventuelle forsøk på valpåverknad over ein lengre tidsperiode som inkluderer to val og eit mellomvalsår. På den måten er det truleg mogleg å få meir kunnskap om eventuelle forsøk på valpåverknad, også om det som skjer over lengre tid enn berre i vekene rundt sjølve valdagen. Denne innretninga er i tråd med anbefalingane frå dei tidlegare oppdraga. Forskarane vil utarbeide ein rapport om årets val som skal vere klar før årsskiftet.