Skriftlig spørsmål fra Dag-Inge Ulstein (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2837 (2022-2023)
Innlevert: 10.08.2023
Sendt: 11.08.2023
Besvart: 18.08.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Dag-Inge Ulstein (KrF)

Spørsmål

Dag-Inge Ulstein (KrF): I Hurdalsplattformen går det frem at «Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag». Ettersom man begynner med bakgrunnstall til jordbruksforhandlingene allerede i høst bør nytt tallgrunnlag etableres så fort som mulig. Det er snart et år siden Gryttenutvalget kom med sin rapport, så regjeringen har hatt mer enn god nok tid til å tenke seg om og ta en beslutning.
Når vil statsråden komme med nytt tallgrunnlag?

Begrunnelse

Enighet om tallgrunnlaget for en sammenligning av næringsinntekter i jordbruket med lønn for andre arbeidstakere er viktig for å få et rett oppgjør. Det er viktig at et nytt tallgrunnlag kommer på plass tidlig nok til at de kan brukes til neste års jordbruksforhandlinger. Om dette drar ut i tid, frykter jeg at det nye tallgrunnlaget ikke vil bli brukt før i 2025. Under Senterpartiets styre har det gått fra at 38 % av bøndene så lyst på fremtidsutsiktene på gården til kun 26 % gjør det. Dette er alvorlig og viser at en drastisk nedgangen har skjedd på bare 2 år. Videre viser landbruksbarometer for 2023 at kun ¼ av bøndene anbefaler unge å starte med matproduksjon. Det er kritisk å få snudd denne trenden. Gode inntektsmuligheter er viktig for å øke rekruttering til jordbruket og for å nå de jordbrukspolitiske målene. Nytt tallgrunnlag bør virkelig ikke dra lenger ut i tid!

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Jordbruksavtalane dei siste to åra har gjeve det største bidraget til nivåheving av inntektene i jordbruket som har vore levert i Noreg. Det er gjort i ein situasjon med ekstrem kostnadsvekst. Budsjettmidla til landbruket over statsbudsjettet er økt med 54 % sidan regjeringsskiftet. Dette viser kor høgt regjeringa prioriterer inntektsmoglegheiter for jordbruket.
Forhandlingane om jordbruksavtalen i vår vart gjennomført på ordinær måte, utan endringar i grunnlagsmaterialet. Budsjettnemnda for jordbruket skal i haust gjennomgå og revidere delar av talgrunnlaget.
I arbeidet med ein opptrappingsplan må vi sjå på vurderingane og anbefalingane i rapporten frå Gryttenutvalet. Næringsinntekt kan i utgangspunktet ikkje samanliknast med løn direkte, og inntekta til næringsdrivande kan ikkje bli vedtatt slik løn kan. Det er derfor naudsynt å innarbeide avgrensingar og føresetnader, slik Stortingets inntektsmål for jordbruket alltid har hatt – og som det må ha. Gryttenutvalet foreslo ein operativ måte å innarbeide nødvendige avgrensingar og føresetnader for nivåsamanlikning på. Forslaget har fått mykje kritikk i høyringa.
I arbeidet med ein opptrappingsplan må det og takast omsyn til marknadssituasjonen, råvareprisar og kostnader, konkurransekraft mot import og substituttar, internasjonale avtalar og handlingsrommet i statsbudsjettet. Opptrappinga må gjerast på ein måte som ikkje står i motsetnad til andre landbrukspolitiske mål.
Vi ønskjer å kome fram til løysingar, som har tilstrekkeleg tillit både i samfunnet og i næringa. Regjeringa arbeider for å få fram ei sak for Stortinget så fort det er forsvarleg.
Avtalane dei to siste åra har lagt til rette for høgare inntektsvekst enn dei åtte åra før til saman. Mi meinig er at rask oppfølging av inntektsmålsettinga til no har vore viktigare enn ein plan. Arbeidet med ein opptrappingsplan vil ha høg prioritet for meg.
Mange med representanten Ulstein har vore svært oppteken av korleis ein reknar bondens inntekt. Men teknikk kan ikkje erstatte politikk. For at bøndene skal oppleve inntektsvekst trengs det politisk vilje. Og det har denne regjeringa vist mykje meir av enn den førre. Eg vil minne om at fleire av dei borgarlege partia stemte mot jordbruksavtalen i år. Denne regjeringa leverer ei inntektsopptrapping som ein aldri ville fått med eit borgarleg fleirtal på Stortinget.