Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2845 (2022-2023)
Innlevert: 11.08.2023
Sendt: 11.08.2023
Besvart: 16.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Unge palestinske fotballspelarar vart nekta visum til årets Norway Cup, etter rotete og villeiande prosessar i UDI og med uklare grunngivingar.
Kan regjeringa forklara kvifor fotballjentene frå Ramallah ikkje fekk visum, og vil regjeringa ta nødvendige grep for at fotballspelarar frå Palestina får ei ryddig og føreseieleg behandling av UDI, slik at dei kan delta på Norway Cup neste år?

Begrunnelse

I Klassekampen 4. august kan me lesa historia om jentefotballaget frå Sareyyet Ramallah som ville delta i Norway Cup. Fotballturneringa i Noreg er eit lyspunkt der ungdommane ei kort stund kan kjenna seg normale og frie frå okkupasjon og kontroll.
I staden møtte dei ein byråkratisk murvegg med ei rekkje underlege grunngivingar for avslag på visumsøknaden. Årsaka til avslaget varierte frå gong til gong, og UDI gjorde og innrømte fleire feil i saksbehandlinga. Då dei norske hjelparane til laget kontakta UDI på nytt, etter å ha oppklart fleire misforståingar og feil frå styresmaktene si side, fekk dei endå ei grunngiving for avslag som ikkje var presentert i det opphavlege avslagsbrevet. Denne opplysninga kom for seint til at det var mogleg å skaffa dokumentasjonen i tide.
Fleire fotballag frå Gaza fekk heller ikkje visum i år, trass i at dei same lagleiarane har deltatt med lag i Norway Cup i meir enn 30 år.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Som representanten antas kjent med, er verken jeg eller departementet for øvrig involvert i behandlingen av enkeltsaker med mindre saken berører grunnleggende nasjonale interesser eller utenrikspolitiske hensyn. Jeg kjenner heller ikke til den konkrete saken representanten viser til og kan ikke kommentere verken tidligere eller fremtidig håndtering av denne.
På generelt grunnlag kan jeg opplyse at det er de alminnelige vilkårene for visum etter utlendingsloven og Schengen-regelverket som gjelder, også ved søknader om visum for deltakelse i Norway Cup. Søkernes returforutsetninger står sentralt i denne vurderingen, men det er også flere andre vilkår, bl.a. knyttet til reiseforsikring og reisedokumenter. UDI foretar alltid en konkret vurdering av den enkelte søknad. Både UDI og norske ambassader har mye informasjon på sine hjemmesider om hvilke vilkår og krav til dokumentasjon som gjelder for å kunne få visum til Norge. Søkerne forventes å sette seg inn i dette og bidra til å belyse egen sak så godt som mulig før vedtak fattes.