Skriftlig spørsmål fra Anna Molberg (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2847 (2022-2023)
Innlevert: 08.08.2023
Sendt: 14.08.2023
Besvart: 24.08.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Anna Molberg (H)

Spørsmål

Anna Molberg (H): Hvilke kommuner i Innlandet politidistrikt har fått færre politistillinger som følge av nedgangen på 17 årsverk siden januar 2023?

Begrunnelse

Ifølge politiets oppdateringer på politiet.no var det i Innlandet politidistrikt per. 31.01.2023 649,6 politistillinger. Per 30.06.2023 var det 632,3. Dette tilsvarer rundt 17 færre stillinger siden januar i år.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: AP-Senterpartiet-regjeringa prioriterer politiet høgt. Noko av det første regjeringa gjorde då ho kom til makta, var å styrkje politibudsjettet med 200 mill. kroner utover Høgre-regjeringa sitt framlegg for 2022. Representanten sitt parti, Høgre, føreslo også eit langt lågare politibudsjett enn regjeringa for 2023 gjennom eit kuttframlegg på om lag 379 mill. kroner. Med Høgre sitt budsjettframlegg ville den økonomiske situasjonen i politiet i 2023 vore mykje vanskelegare enn i dag.
Polititenestepersonar er tilsette i kvart enkelt politidistrikt, og arbeider på tenestestader. Tenestestadene følgjer ikkje kommuneinndelinga. Eg kan generelt opplyse kva tenestestader i Innlandet politidistrikt som har fått reduksjon i politiårsverksstillingar i perioden 31.01.23 til 31.07.23. Dette er: Brumunddal politistasjon, Dokka politistasjon, Fagernes politistasjon, Flisa politistasjon, Gran politistasjon, Kongsvinger politistasjon, Lillehammer politistasjon, Magnormoen politistasjon, Otta politistasjon, Trysil politistasjon og Vinstra politistasjon.
Bemanninga i politiet følgjer føreseielege sesongvariasjonar. Typisk synk til dømes bemanninga om våren. Utviklinga i talet på årsverk i perioden 31.01.23 til 31.07.23 fortel lite om utviklinga i talet på årsverk i politiet over tid. I perioden 30.06.21 til 30.06.23 har talet på årsverk i politiet til samanlikning auka med 602.
I RNB 2023 er det på initiativ frå AP-Senterpartiet-regjeringa løyva ytterlegare 555,2 mill. kroner ekstra til politiet. Desse midlane er no på veg ut i politiet og vil m.a. kunne nyttast til å tilsette fleire politifolk i kommunar i Innlandet.