Guri Melby (V): Vil justisministeren legge til rette for at Skjervøy lensmannskontor blir ein reelt fungerande tenestestad i Nord-Troms lensmannsdistrikt, slik det var vart vedtatt i samband med politireformen?
Begrunnelse
Dei tre lensmannsdistrikta Nordreisa og Kvænangen, Skjervøy og Lyngen vart som del av politireformen slått saman under namnet Nord-Troms lensmannsdistrikt. Administrasjonsstad vart vedtatt lagt til Storslett. Det vart også vedtatt at lensmannsdistriktet skulle ha tre tenestestadar: Storslett, Skjervøy og Skibotn lensmannskontor, og dekke kommunane Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy, Kåfjord, Storfjord og Lyngen.
I Skjervøy er status i dag at tenestestaden finst, men er eit tomt lokale utan bemanning, og at til og med politifolk som ønskjer å nytte seg av tenestestaden og naturleg soknar dit, ikkje får høve til det i det daglege. Per no er det etter det eg er kjend med ingen som har Skjervøy som tenestestad.
Det er vanskeleg å sjå at dette er i tråd med vedtaket gjort som del av politireformen, og det er viktig å vite kva justisministeren evt. vil gjere for å rette opp i denne situasjonen.