Alfred Jens Bjørlo (V): Stemmer det at regjeringa ennå ikkje har inngått eit samarbeid med EU om sikkerheitstruande økonomisk verksemd, og kan statsråden i alle høve gjere greie for kva som er gjort for å inngå eit slik samarbeid?
Begrunnelse
Kina og Russland er kjende for å bruke økonomiske verkemidlar til andre føremål enn forretningar – meir spesifikt til å få innsikt i sensitiv informasjon og tilgang til teknologi og ressursar av strategisk betydning. Det er dette ein kallar sikkerheitstruande økonomisk verksemd. I 2020 etablerte EU eit rammeverk for screening av utanlandske direkteinvesteringar. I Prop 95 L «Endringer i sikkerhetsloven» skriv regjeringa at det vil «være relevant» for Noreg å søke samarbeid med EU innan sikkerheitstruande økonomisk verksemd. I ein artikkel i Dagens Næringsliv frå 11. august 2023 blir det hevda at Noreg framleis ligg «lang bak resten av Europa» når det gjeld regelverk om utanlandske direkteinvesteringar. I artikkelen kan ein og lese at Noreg står utanfor EU sitt samarbeid om å motverke sikkerheitstruande økonomisk verksemd, der saksinformasjon og erfaringar blir utveksla mellom landa.