Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2894 (2022-2023)
Innlevert: 16.08.2023
Sendt: 16.08.2023
Besvart: 22.08.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren svare på kven i Statens vegvesen som har ansvaret for at E136 frå Ålesund til Bjorli IKKJE har blitt planlagt, prosjektert og no er klart til bygging, når dette prosjektet har vore prioritert på topp her i fylket dei 30 siste åra, og kven i Statens vegvesen har fått mynde til å flytte planleggingsmidlane og ressursane til Møreaksen, eit prosjekt som folket ikkje vil ha?

Begrunnelse

I ulike spørsmål til samferdselsministeren har det kome fram at det så langt er brukt minst 430 million kr til planlegging og grunnkjøp på prosjektet Møreaksen. Ut over dette ser det ut til at det i tillegg er betydelige midlar som er forbrukt som også statsråden bekreftar ikkje er med i disse anslaga.
I over 30 år har E136 frå Ålesund til Bjorli vore prioritert som nr 1 i Møre og Romsdal, NTP etter NTP har det same vore prioritert, utan at dette vegsambandet har vorte planlagt og prosjektert ferdig av Statens vegvesen.
Møreaksen prosjektet har kome glidande inn frå sidelinja og "sneket i køa" her i fylket, og har alltid vore prioritert langt bak E136.
Når så utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen kjem og foreslår å ta heilt ut av NTP strekninga på E136 frå Moa til Vestnes, ei av dei mest trafikkerte vegsambanda her i fylket og exportvegen for alle, som også er sterkt ulykkesutsatt, vert heile fylket berre "matt" og litt i sjokk.
For kva har egentlig skjedd i alle disse åra i Statens vegvesen. Statsråd etter statsråd har påengtert at det ikkje vert løyvd pengar i statsbudsjett utan at prosjekt er ferdig planlagt, prosjektert og gått igjennom alle fasane med KS1 og KS2 samt kvalitetssikring osv.
Korleis er det mulig at Statens vegvesen region midt, liksom "har gløymt" Møre og Romsdals viktigaste veg og som har vore prioritert på topp i alle år, vil vere eit viktig tema å kome til i bunns på.
No står Møre og Romsdal der heldigvis med Nye Veier as på strekninga opp Romsdalen, medan den mest trafikkerte vegstrekninga frå Moa til Vestnes på E136 står i stampe og er laaangt ute i øydemarka.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har dei siste åra planlagt, prosjektert og bygd en rekkje prosjekter på E136 på strekningen Ålesund til Bjorli. Vågstrandstunnelen ble ferdigstilt i 2014, Tresfjordbrua i 2015, Ørskogfjellet krabbefelt i 2022. Videre har Statens vegvesen utarbeidt reguleringsplan for Stuguflåten–Rødstøl i 2018 og utarbeidt reguleringsplanforslag for strekningen Flatmark–Monge–Marstein. Planforslaget ble oversendt Rauma kommune i 2021. Statens vegvesen starta også planlegging av E136 Veblungsnes før strekningen Dombås–Vestnes ble overført til Nye Veier AS. Selskapet kan velje å leggje vedtekne planar til grunn for sitt arbeid eller utarbeide eigne planar saman med kommunane. Selskapet gjer sjølv vurdering av utbyggingsrekkjefølgje på dei strekningane dei er tildelte, mellom anna ut frå samfunnsøkonomiske analysar.
Statens vegvesen har videre satt i gang bygginga av E136 Breivika–Lerstad som del av bypakke Ålesund.
Strekningen E136 Ålesund til Bjorli er ikkje å anse som eit prosjekt og har difor ikkje hatt eigne planmidlar eller ressursar. Utover de nemnte prosjekter ligg E39 Breivika–Digernes-Ørskogfjellet i same trasé som E136. Strekningen er del av prosjektet E39 Ålesund–Molde (Møreaksen). Prosjektet ligg inne i NTP 2022-2033 og strekningen Breivika-Digernes-Ørskogfjellet er under planlegging.
Statens vegvesen arbeider på oppdrag frå Samferdselsdepartementet innanfor rammene av gjeldene NTP og de årlege budsjetter løyvd av Stortinget.