Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren skissere opp korleis Borgundfjordtunellen kan gjennomførast som eit privat prosjekt, og kva krav som blir sett til ein slik prosess?
Begrunnelse
I mange år har eit privat engasjement arbeidd med planar for Borgundfjordtunellen i Ålesund kommune. I like mange år har dette prosjektet blitt trenert av Statens vegvesen region midt.
Dette prosjektet er støtta av slik eg har forstått dette dei fleste politiske parti i både Ålesund og Sula kommune i mange år, no også av NAF.
I dag køyrere over 22 000 bilar gjennom Blindheimstunellen, og strekninga på E39 mellom Veibust- Blindheim til Moa er fylkets desidert mest ulykkesutsatte område med heile 4 dødsulykker berre siste året. Området har også trafikk frå tre av landets største ferjestrekningar inn gjennom seg, og i dette tidsrommet er trafikken vesentleg høgare og opp mot både 25-35 000 bilar i døgnet i pulseringane.
Borgundfjordtunellen vil avlaste betydeleg dette området for trafikk som skal sørover og er berekna til å kunne ha ein trafikk på ca. 6-7 000 bilar i døgnet.
Prosjektet er planlagt gjennomført i privat regi, men prosjektet er så viktig for Ålesundsregionen at dette burde vore prioritert inn på NTP og bygd raskast råd. Dette er eit enkelt, teknisk lite vanskeleg og svært fornuftig prosjekt som vil vere eit sterkt trafikktryggingstiltak for heile området, då trafikken og utfordringane gjennom Blindheimsområdet vil gå betydeleg ned.
Statens vegvesen har av ein eller anna heilt snodig faglig grunn lagt til grunn at E39 mellom Veibust og Moa ikkje skal inn i NTP dei neste 12 åra. At samferdselsministeren og departementet må gå grundig igjennom kva Statens vegvesen region midt egentlig holder på med faglig, er hevet over enhver tvil.
Der finnast IKKJE eit faglig grunnlag for at Statens vegvesen ikkje har prioritert E39 frå Veibust til Moa for lengst her i fylket, og at dette prosjektet sjølvsagt for lengst skulle både vore planlagt og prosjektert ferdig til finansiering.
"i staden har det gått prestisje i å priroritere Møreaksen for ei fjordkryssing til 26 milliard kr for 2 292 bilar i døgnet."
Borgundfjordtunellen har STVV ikkje villa høyre snakk om, samtidig som dei nedprioriterar E39 gjennom Blindheimstunellen.
Det kan ikkje vere slik at folk mistar livet i E39 gjennom Blindheimtunellen og i Veibust området, medan STVV nektar å prioritere dette og heller prioriterar Møreaksen over Romsdalsfjorden for 2 292 bilar utan ei einaste ulykke.