Ingrid Fiskaa (SV): Vil regjeringa gjera det mogleg for fleire typar organisasjonar innan helsefrivilligheit å søka om tilskot?
Begrunnelse
Ønsketransporten er ein ideell organisasjon etablert i Rogaland i 2017, som i dag har avdelingar i fire fylke. Organisasjonen tilbyr medisinsk forsvarleg transport til alvorleg sjuke eller skadde menneske med eit ønske om ei oppleving eller deltaking i sosiale samanhengar. Tenestene er i hovudsak utført av frivillige, som eit supplement til det offentlege, og er gratis for ønskaren og dei pårørande.
Regjeringa la i statsbudsjettet for 2023 om støtta til helsefrivilligheita frå øyremerka pengar til ei søkbar tilskotsordning via Helsedirektoratet. Søknadskriteria viser seg no å vera for smale til at organisasjonar som til dømes Ønsketransporten kan få støtte.
Organisasjonen vil ikkje kunna driva vidare så mykje lenger utan driftsstøtte. Dersom administrasjonen må leggast ned, vil den faglege kvaliteten neppe vera forsvarleg.
Ønsketransporten er eit eksempel på ein organisasjon som ikkje passar inn i kriteria for tilskotsordninga. Det same problemet vil kunna gjelda andre både noverande og framtidige frivillige organisasjonar. Poenget med ideelle og frivillige organisasjonar er jo nettopp å tilby tenester som det offentlege ikkje tilbyr og som er vanskelege å definera på førehand, og det vil derfor vera uheldig å ha snevre kriterium for kven som kan søka om støtte.