Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2921 (2022-2023)
Innlevert: 20.08.2023
Sendt: 21.08.2023
Besvart: 31.08.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hvordan vil barneministeren konkret følge opp alvorlige brudd på bistandsplikten til disse barna og sørge for at lignende ikke skjer i fremtiden?

Begrunnelse

Mange barn og unge får ikke hjelpen eller tiltakene de trenger og har krav på i barnevernet.
Dette er blitt verre etter regjeringens ideologiske kamp mot private aktører. Det kan virke som at det viktigste nå er at man kommer inn i en kø med regjeringens foretrukne aktører, ikke at barna får sårt tiltrengte tiltak. Dette til tross for at behovet for plasser er stort og det offentlige selv ikke klarer å løse oppgavene og bryter pliktene sine. Det blir ekstra synlig da vi vet at private aktører har ledig kapasitet som ikke blitt benyttet og at de har mulighet til å øke sin kapasitet.
Imens er det barn og unge som blir skadelidende og må betale prisen for regjeringens politikk. I en sak på NRK kan man bla lese følgende:

«Det fyrste halvåret i 2023 har det vore minst 24 brot på bistandsplikta, viser tal NRK har henta inn frå statsforvaltarane. Då har styresmaktene konkludert med at Bufetat ikkje har klart å finne eit forsvarleg tiltak.
I juli aleine var det minst 16 moglege brot på bistandsplikta, opplyser Bufdir til NRK.»

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er rett som spørjaren viser til at Bufetat ikkje har klart å oppfylle bistandsplikta i alle saker og at det dessverre har vore fleire brot på bistandsplikta. Konsekvensane kan vere svært alvorlege for barn og unge det gjeld. Det viktigaste tiltaket for å sikre at brot på bistandsplikta ikkje skjer, er å auke kapasiteten på institusjonsplassar og gjere beredskapen betre. Det er eit arbeid som er i gang, både på kort og lengre sikt.
Sidan slutten av 2022 har det vore ein markant auke i etterspurnaden etter institusjonsplassar, særleg etter akuttplassar, rusplassar og plassar til barn med store og samansette behov. Sjølv om det er ein auke i talet på barn i institusjon samanlikna med i fjor, opplever Bufetat fleire brot på bistandsplikta. Regjeringa styrka det statlege barnevernet med 260 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023, og det blei i sommar sett i gang særskilte tiltak for å handtere situasjonen.
Eg har bedt Bufdir utarbeide ein overordna tiltaksplan som skal bidra til betre beredskap og auka kapasitet på kort sikt i institusjonsbarnevernet. I planen er mellom anna følgjande tiltak:

• Bufetat får beskjed om at oppfylling av bistandsplikta i akutte saker går framfor andre omsyn, til dømes økonomiske vurderingar i den einskilde saka. Krava til kostnadskontroll gjeld likevel på ordinær måte.
• Auka kapasitet i statlege institusjonar gjennom å utnytte eksisterande eigedom til institusjonstilbod. Det skal identifiserast minimum ein eigendom eller institusjon i kvar region som kan gi auka kapasitet på kort varsel.
• Dialog med ideelle og kommersielle leverandørar om kjøp av plassar, både gjennom rammeavtalar, betre utnytting av eksisterande rammeavtalar og gjennom auka kapasitet for einskilde kjøp.
• Tiltak for auka handlingsrom for å avhjelpe situasjonen, mellom anna unntak frå kompetansekrav og inntak på tvers av målgrupper, når det er forsvarleg.
• Tydeleg og tilstrekkeleg informasjon til kommunane om situasjonen, formidling av forventningar til kommunane og rettleiing og støtte til kommunane i einskilde saker.

I Bufdir sitt arbeid med å konkretisere planen er det eit mål å auke kapasiteten med om lag 30 plassar på kort sikt, men dette må tilpassast utviklinga i situasjonen. Eg føl dette nøye, og departementet har tett dialog med direktoratet om utviklinga.
På lengre sikt meiner eg det er naudsynt å byggje opp og styrke beredskapen og kapasiteten i det statlege institusjonsbarnevernet. Dette er også fagleg begrunna. Omlegginga må skje gradvis og planfast og vere tilpassa den situasjonen vi til einkvar tid har. Barna sine behov skal alltid komme først. I oktober kjem også institusjonsutvalet sin rapport, som vil vere viktig for regjeringas vidare arbeid på feltet for eit trygt institusjonsbarnevern tilpassa behova til barna vi skal hjelpe.