Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2931 (2022-2023)
Innlevert: 20.08.2023
Sendt: 21.08.2023
Besvart: 30.08.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Dersom norske kommuner tar menneskelege omsyn i saker knytt til mindre, midlertidige og reversible saker knytt til strandsona, kan dei frå no av vente at Statsforvaltaren ikkje overprøver det lokale sjølvstyret?

Begrunnelse

Torsdag 17. august vart det lagt ut ei pressemelding på regjeringa si nettside om at Kommunal- og distriktsdepartementet gir dispensasjon for å setje opp to flytebrygger på ei øy i Kragerø.
Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som har tatt den endelege avgjerda i saka om ei ny midlertidig flytebrygge. Saka hamna der fordi Kragerø kommune sa ja, medan Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sa nei til planene.
I pressemeldinga kan vi lese:

«Sentralt for departementets vurdering av saken er at dispensasjonen er midlertidig for inntil ti år og at tiltaket er reversibelt. Det har vært et viktig moment i vurderingen at det ved dispensasjon er adgang til å vektlegge særskilte personlige og menneskelige hensyn, som for eksempel bevegelsesutfordringer grunnet alvorlig sykdom.
– Regjeringen er opptatt av en differensiert forvaltning av strandsonen. I dette området skal strandsonen generelt sett forvaltes strengt. Det skal like fullt gjøres en konkret vurdering av den enkelte sak, og i denne saken mener vi det er riktig å gi de særskilte personlige hensyn avgjørende vekt, sier Gjelsvik.»

Også i mange andre kommuner i landet får lokale politikarar saker på bordet om bygging i strandsona. Det er ofte sterke menneskelege historier bak behov og ønskje om å få til bygging eller legalisering av tiltak. I denne saka gjorde kommunen (Kragerø) ei heilskapleg vurdering av saka som gjorde at dei sa ja, der dei la avgjerande vekt på at tiltaket var midlertidig og reversibelt, og knytt til personen som skulle setje det opp.
Den konkrete saka i Kragerø syner at regjeringa meiner statsforvaltarane slik han/ho praktiserer embetet i dag, har ein for streng praksis når det gjeld å nekte å ta omsyn til særskilde og menneskelege omsyn i slike saker der tiltaka er små, midlertidige og reversible.
Spørsmålet er om denne saka vil føre til ein ny praksis frå statsforvaltarane si side, der det blir høgare terskel for å setje til side det lokale sjølvstyret når det er knytt til at det er særskilde personlege omsyn i kombinasjon med tiltakets art som gjer at ein kommune gir dispensasjon.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg takkar representant Bjørlo for spørsmålet.
Plan- og bygningslova skal sikre god planlegging, bidra til varetaking og balansering av ulike omsyn, og mellom anna vareta natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser i strandsona. Gjennom Hurdalsplattforma er det slått fast at ein skal ha «ei meir differensiert forvaltning av strandsona, med auka handlefridom og større høve for næringsutvikling og busetjing i spredtbygde strøk langs kysten i strandsonens sone 3.» Differensieringa inneber vidare at det skal vere ein streng politikk i pressområda i strandsona. Strandsona er attraktiv for friluftsliv, rekreasjon og naturopplevingar. Regjeringa er oppteken av ei heilskapleg tilnærming der ein unngår at strandsona byggjast ned bit for bit gjennom dispensasjonar. Samstundes må kvar einskild sak vurderast ut frå dei konkrete omstende som gjeld i saka.
Regjeringa er opptekne av lokaldemokratiet og lokalt handlingsrom for kommunane. Som lokal planmyndigheit har kommunane stor grad av fridom til å bestemme arealpolitikken. Dei folkevalde i kommunane må her ta heilskaplege omsyn til båe lokale tilhøve, viktige regionale interesser og ulike nasjonale føringar.
Når kommunale vedtak blir påklaga, er det alltid eit overordna mål å treffe vedtak som gir det beste resultatet i den konkrete saka. Saka i Kragerø er ei konkret sak, og dispensasjonsvurderinga er knytt til denne saka. På generelt grunnlag kan eg seie at det kjem fram av forarbeida til plan- og bygningslova at personlege omsyn kan vektleggjast i saker, sjølv om slike omsyn normalt ikkje har avgjerande vekt. Som vist til i spørsmålet frå representanten meiner vi det i saka i Kragerø er riktig å gi dei særskilte personlege omsyna avgjerande vekt.
Dei rettslege rammene for å gi dispensasjon ligg fast. I kvar einskild sak skal statsforvaltaren gjere ei vurdering av om vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylt.