Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2957 (2022-2023)
Innlevert: 22.08.2023
Sendt: 23.08.2023
Besvart: 30.08.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Kan statsråden gjøre rede for oppdaterte tall over hvor mange barn som venter på fosterhjem ved inngangen til høsten 2023, og kan hun gjøre rede for status på arbeidet med å rekruttere flere fosterhjem?

Begrunnelse

Vi står midt opp i en nasjonal fosterhjemkrise. Det vil være nyttig å få innsikt i hvor mange barn som venter på fosterhjem, hvor i landet det er størst utfordringer og hva statsråden konkret har gjort for å rekruttere flere fosterhjem.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Per 31. juli 2023 var det om lag 200 barn som venta på fosterheim i Bufetats regionar. Talet er på nivå med same tidspunkt i 2022. Talet på barn som ventar på fosterheim har vore nokså stabilt over fleire år, og utfordringa gjer seg gjeldande i alle delar av landet. Bufdir opplyser at Bufetat region Øst har flest barn som ventar på fosterheim per i dag. Oslo kommune er ikkje inkludert i tala frå Bufetat. Oslo kommune er ikkje omfatta av det statlege barnevernet, og har sjølv heile ansvaret for å finne fosterheim til barn i kommunen.
Situasjonen kan vere kritisk for dei barna det gjeld. Det er grunnen til at departementet nyleg har lansert ein tiltaksplan for fosterheimsrekruttering, der vi kjem med fleire tiltak som skal bidra til å gjere noko med situasjonen raskt. Eg viser også til behandlinga av revidert nasjonalbudsjett og tilleggsløyvinga som utgjer om lag 40 spesialiserte fosterheimar. Ein del av barna som i dag ventar på fosterheim i kommunen, kan i staden dra nytte av eit tilbod om spesialisert fosterheim.
Bufdir har fått i oppdrag å sette i verk tiltaka i tiltaksplanen for fosterheimsrekruttering. Departementet har tett oppfølgjing av dette arbeidet. Utover desse tiltaka vil det vere behov for tiltak på lengre sikt for å løyse utfordringar med å skaffe nok fosterheimar. Regjeringa har derfor satt i gang eit arbeid med ei melding til Stortinget om fosterheimar. I den kommande meldinga vil vi mellom anna sjå på dei økonomiske rammene for fosterfamiliar, som pensjon, godtgjering og forsikring og betre oppfølging av fosterheimar.
Meir føreseielege vilkår, både fagleg og økonomisk, er viktig i arbeidet med å rekruttere fosterheimar. Bufdir har derfor utarbeidd faglege tilrådingar til kommunane om dei økonomiske rammevilkåra til fosterheimar, som tredde i kraft 1. januar 2022. Direktoratet arbeider også med faglege tilrådingar til kommunane om rettleiing og oppfølging av fosterheimar. I tillegg har Bufdir utvikla eit nytt opplærings- og oppfølgingsprogram for fosterfamiliar (Solid). Målet er at desse tiltaka kan gi fosterforeldre meir føreseielege rammer og betre oppfølging. Vi har òg gitt midlar til utviklingsprosjekt, der kommunane samarbeider om å få på plass betre oppfølgings- og rettleiingstilbod av fosterheimar. Departementet følgjer no opp høyringa av ny forskrift om fosterheimar. Forslaget tydeleggjer barnevernet sitt ansvar for å følgje opp barn og fosterfamiliar på ein god måte. Det tas sikte på at forskrifta skal setjast i kraft i haust. Alle desse tiltaka er tiltak som på eit overordna nivå vil påverka rekrutteringa, og som forhåpentleg vil føra til at fleire ønskjer å bli fosterheim i framtida.