Skriftlig spørsmål fra Linda Hofstad Helleland (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2988 (2022-2023)
Innlevert: 24.08.2023
Sendt: 25.08.2023
Besvart: 04.09.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Linda Hofstad Helleland (H)

Spørsmål

Linda Hofstad Helleland (H): Vil statsråden oppfordre til økt bruk av skytjenester etter adekvansbeslutningen til EU om overføring av personopplysninger mellom EØS-området og USA?

Begrunnelse

Etter at Schrems II-dommen i EU-domstolen, ble Privacy Shield-avtalen om overføring av personopplysninger mellom EU og USA opphevet. Dommen hadde store konsekvenser for bruk av IT-infrastruktur i Norge, og satt blant annet arbeidet med Helseanalyseplattformen på pause.
Etter styrking av personvern i USA, som følge av endringer i etterretningslovgivningen, vedtok EU i sommer en adekvansbeslutning om overføring av personopplysninger mellom EU- og EØS-området og USA. Vedtaket åpner for overføring av personopplysninger hos selskaper som følger Data Privacy-rammeverket, deriblant flere store skyleverandører. Datatilsynet beskrev vedtaket som en vinn-vinn-situasjon, og beslutningen kan gjøre det enklere for virksomheter over hele landet å ta i bruk skyløsninger som kan gi økt IKT-sikkerhet, bedre ressursutnyttelse og reduserte kostnader tilknyttet infrastruktur.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: I utgangspunktet kan ein lagre og behandle norske personopplysningar i heile EØS-området og i godkjende 3. land. Dette var tilfellet både før og under den så kalla Schrems II-dommen. Under avtalen EU-US Privacy Shield kunne ein òg lagre data hos godkjende verksemder i USA. Då denne avtalen vart kjend ugyldig ved Schrems II-dommen, opphøyrde USA som godkjend 3. land. Frå 10. juli i år har det igjen komme på plass ein avtale mellom EU og USA om overføring av data, og denne gjeld òg for Noreg via EØS-avtalen, såframt vi ikkje motsett oss, noko vi ikkje har til hensikt å gjere. Datatilsynet publiserte god informasjon om dette på sine nettsider allereie same dag.
Eg veit at mange verksemder var bekymra for om deira bruk av skytenester var i strid med regelverket etter Schrems II-dommen. Datatilsynet var raskt ute med god informasjon om den nye avtalen og kva den ville seie for norske verksemder. Eg meiner det var viktig at Datatilsynet var raskt ute med god rettleiing.
Regjeringa har gjennom fleire år hatt ei tilråding om bruk av skytenester for statleg sektor gjennom Digitaliseringsrundskrivet:
«Virksomheter som etablerer nye eller oppgraderer eksisterende fagsystemer eller digitale tjenester, eller endrer eller fornyer avtaler knyttet til drift, skal vurdere skytjenester på linje med andre løsninger.»
Rundskrivet tilrår at ein bruker skytenester om slike tenester gir den mest hensiktsmessige og kostnadseffektive løysinga, såframt det ikkje er spesielle hindringar og omsyn ein må ta. Digitaliseringsrundskrivet gjeld for alle statlege verksemder. Innhaldet i rundskrivet blir òg sendt som anbefaling til alle kommunar.
DFØ har ein marknadsplass for skytenester og ein rettleier kalla Skyreisen. Marknadsplassen og Skyreisen skal hjelpe offentlege verksemder i både stat og kommune å gjere kostnadseffektive og sikre val når dei skal kjøpe inn skytenester. Mens Schrems II-dommen var gjeldande, publiserte marknadsplassen rettleiing for å støtte verksemdene i dei kompliserte juridiske vurderingane som følgde av dommen.
Schrems II-dommen gjorde det krevjande for både offentlege og private verksemder å vurdere bruk av skytenester. Derfor er eg glad for at det er komme ei ny avtale på plass.. Eg har full tillit til at verksemdene sjølv kan gjere dei vurderingane dei treng når dei skal skaffe nye IT-løysingar. Samtidig skal styresmaktene fortsette å bidra med god og aktuell rettleiing.