Svar
Kjersti Toppe: Førebygging og kamp mot vald og seksuelle overgrep mot barn med innvandrarbakgrunn er eit tverrgåande ansvar. Eg har difor henta inn innspel frå Arbeid- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet for å svare på spørsmålet.
Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebygge og kjempe mot vald og overgrep mot barn høgt. Arbeidet med ein ny opptrappingsplan mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn er godt i gang i åtte departement. Planen skal vere klar i løpet av året. Den omfattar alle former for vald mot barn og unge, også negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.
Vi veit lite om omfanget av seksuell vald og andre krenkingar mot barn med innvandrarbakgrunn. Dette er overgrep som er vanskelege å avdekke og det er store mørketal. Ei betydeleg utfordring med desse sakene er at det er svært vanskeleg å snakke om seksuelle krenkingar. Dette gjeld ikkje minst utsette med innvandrarbakgrunn. Det at sakene kjem fram i media, at nokon fortel ope om opplevingane sine, kan bidra til å bryte tabu. Dette kan igjen hjelpe fleire med å varsle.
Tillit til tenestene, og kunnskap i alle sektorar og tenester om særskilte forhold i familiar med innvandrarbakgrunn, er heilt avgjerande for at saka blir varsla og følgd opp. Vi må jobbe breitt med førebygging på dei arenaene der desse barna er, m.a. i helsetenester, barnehage og skule.
Helse- og omsorgstenestene er i ein særleg posisjon til å kunne førebygge, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep og sørge for å iverksetje tiltak tidleg, eller vise til andre instansar. Kommunen, fylkeskommunen og dei regionale helseføretaka har eit lovpålagt ansvar for å førebygge, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep, og legge til rette for at tenestene skal bli i stand til dette, jf. helse- og omsorgstenestelova, tannhelsetenestelova og spesialisthelsetenestelova. Det er viktig at tilsette i tenestene har kompetanse om vald og overgrep. Alle dei helse- og sosialfaglege utdanningane tematiserer både vald, overgrep og omsorgssvikt.
I utdanningssektoren er det er ei målsetjing at barnehagar, skular og andre universelle arenaer og tenester for barn og unge skal bidra til eit trygt og godt miljø og førebygge m.a. krenkingar og seksuelle overgrep. Gjennom arbeidet med fagområdet kropp, bevegelse, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna set grenser for eigen kropp og respekterer andre sine grenser. Dei nye læreplanane LK20, som vart tatt i bruk frå hausten 2020 har ei brei tilnærming til seksualitetsopplæringa og er ein del av det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Det handlar m.a. om tema som identitet, seksuell orientering og grensesetjing. Seksualitetsopplæringa inngår som kompetansemål på fleire trinn og i fleire fag.
Utdanningsdirektoratet har utvikla ein støtteressurs om seksuelle overgrep og trakassering som kan brukast av tilsette som utgangspunkt for planlegging og felles refleksjon rundt undervisninga. Utdanningsdirektoratet har også utvikla ein støtteressurs om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald som skal bidra til å auke kompetansen hos tilsette og støtte arbeidet med opplæring innafor temaet i skulane.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar på vegne av barne- og familiedepartementet tilskotsordninga «Tilskot til tiltak mot vald og overgrep». Målet med ordninga er å bidra til å førebygge og kjempe mot vald og overgrep i nære relasjonar, og vareta valdsutsette vaksne og barn. Dei siste åra er det løyvd midlar til fleire organisasjonar som jobbar med å førebygge vald i ulike innvandrarmiljø.
I politiet er arbeidet med å skape tillit og dialog sentralt. Mangfald, dialog og tillit er ei føring for heile verksemda til politiet, med m.a. eigne mangfaldskontaktar i politidistrikta. Det er òg ei brei satsing på tillitsskapande arbeid i politiet, gjennom Rettferdig politi, Innbyggerstemmen og Politiets mangfaldsplan (Mangfold, dialog og tillitt – handlingsplan for politiets arbeid (2022-2025)). Tillit i befolkninga er vesentleg for å sikre at politiet får informasjon, og for å bryte ned barrierar mellom politiet og minoritetsmiljøa.
Tillit er òg sentralt i barnevernet. Målet med barnevernslova er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp, omsorg og vern til rett tid. Barnevernet er avhengig av å bli varsla om vald og overgrep, for å kunne setje i gang ei undersøkingssak og hjelpe. Tillit er heilt avgjerande for at barnevernet skal kome i posisjon til å hjelpe. Dette er utfordringar som blir adresserte av regjeringa i det kommande arbeidet med ei kvalitetsreform i barnevernet.
Når det gjeld negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, er dette eitt av fire hovudmål i regjeringa sin integreringspolitikk, jf. Hurdalsplattforma. Særleg prioritert i regjeringa sin innsats er arbeidet med å heve kompetansen hjå tilsette i politiet og i dei ordinære hjelpetenestene, vurdere endringar i straffelova og å hindre at barn og unge blir etterletne i utlandet mot vilja si. Det er finst fleire særskilde tenester med spisskompetanse om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det nasjonale tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald rettleiar og gir råd til tilsette i dei ordinære tenestene om korleis følge opp utsette. Vi har 59 minoritetsrettleiarar som er utplasserte på utvalde skular i alle fylke, og som kan gi råd og rettleiing til utsette barn og unge. Det er òg sett ned eit lovutval som greier ut juridiske problemstillingar i sakar som gjeld negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Utvalet skal levere sin rapport tidleg i 2024.