Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:3015 (2022-2023)
Innlevert: 27.08.2023
Sendt: 28.08.2023
Besvart: 31.08.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Norsk Fjordhestsenter i Vestland er nasjonalt kompetansesenter for fjordhesten, ein særmerkt hesterase som Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Oppgåvene som nasjonalt kompetansesenter er finansiert over statsbudsjettet, men har ikkje vore prisjustert dei siste åra. Dermed får senteret stadig dårlegare økonomisk handlingsrom til å ivareta nasjonale og internasjonale forpliktingar.
Vil landbruksministeren sørge for at Norsk Fjordhestsenter får auka statstilskotet i 2024 slik at siste åras realnedgang blir retta opp?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Norsk Fjordhestsenter i Vestland er nasjonalt kompetansesenter for fjordhesten, ein særmerkt hesterase som Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Oppgåvene som nasjonalt kompetansesenter er finansiert over statsbudsjettet, men har ikkje vore prisjustert dei siste åra. Dermed får senteret stadig dårlegare økonomisk handlingsrom til å ivareta nasjonale og internasjonale forpliktingar. Vil Landbruksministeren sørge for at Norsk Fjordhestsenter får auka statstilskotet i 2024 slik at siste åras realnedgang blir retta opp?
Det er rett som representanten Bjørlo påpeiker at fjordhesten er ein blant fleire nasjonale rasar og artar som Norge har eit særskilt ansvar for å ta vare på. Nokre rasar får tilskot til vern og avlsarbeid over statsbudsjettet, og fjordhesten er ein av desse utvalde ved tilskot til Norsk Fjordhestsenter. I tillegg arbeider Norsk hestesenter med bevaring av dei nasjonale hesterasane, og dei gjer tilskot til ulike avlsprosjekt. Arbeidet blir finansiert ved overskot frå spel på hest. Storleiken på tilskotet over statsbudsjettet vert handsama i den ordinære budsjettbehandlinga og eg kan difor ikkje kommentera storleiken på dette no.