Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:3018 (2022-2023)
Innlevert: 27.08.2023
Sendt: 28.08.2023
Besvart: 01.09.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva tankar gjer kommunalministeren seg om utspelet frå Juristforbundet, og kan statsråden redgjere for kva handlingsrom lokaldemokratiet har i dagens lovverk til å utøve lokalpolitisk skjønn?

Begrunnelse

NRK hadde denne veka eit utspel der Juristforbundet gjekk hardt ut mot lokalpolitikere: – "Vi blir overkjørt" var bodskapet.
– Det er beintøft å være jurist i byggesaksavdelingen i Norges mange kommuner. De jobber i et minefelt.
Mange av juristene ansatt i byggesaksavdelingen rundt om i landet opplever et enormt press fra politikerne i kommunen, ifølge Gram-Knutsen.
– De står i en spagat. De skal forankre vedtakene sine lovlig, men så opplever de et press fra politikerne. De blir overkjørt.
Står det videre i saka. Det framstår som at juristforbundet meiner at jussen i Norge hindrer lokalpolitikerne til å utøve politisk skjønn der man vekter ulike hensyn opp mot kvarandre. Det er i lovverket heilt frå grunnlova understreka lokalpolitikken sin posisjon med lokalt sjølvstyre og ulike regjeringar har lagt opp til at meir skal avgjerast av dette skjønnet.
Det er difor frå spørsmålsstillar si side ein merkeleg utspel frå ei arbeidsgruppe som jobber for lokaldemokratiet, men som i saka framstår som at dei meiner nettopp lokaldemokratiet er ei ulempe for dei.
Det er interessant kva kommunalministeren tenker om dette 14 dagar før veljarane skal sette saman nye kommunestyrer og fylkesting.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Det er grunnlovsfesta at innbyggarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ. Dette lokale sjølvstyret er ein viktig del av det norske demokratiet. Regjeringa er opptekne av lokaldemokratiet og lokalt handlingsrom for kommunane. Utspelet frå Juristforbundet gjeld bygging i strandsona, og dette er eit område kor eg meiner lokaldemokratiet er viktig. Som lokal planmyndigheit har kommunane stor grad av fridom til å bestemme arealpolitikken, både generelt og i strandsona.
Plan- og bygningslova skal sikre god planlegging, bidra til varetaking og balansering av ulike omsyn, og mellom anna vareta natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser i strandsona. Strandsona i Noreg er attraktiv for friluftsliv, rekreasjon og naturopplevingar, og det er difor som hovudregel forbod mot å bygge i 100-metersbeltet langs sjø. Det er likevel ulike måtar ein grunneigar kan få moglegheit til å bygge på sjønært areal.
Kommunane kan vedta ein arealplan som opnar for bygging. Det er normalt kommunen ved kommunestyret som vedtek kommune- og reguleringsplanar, og som gjennom desse tek stilling til kor det kan byggast. Lokalpolitikarane har stor fridom i denne vurderinga, men må halde seg innafor dei nasjonale rammene som gjeld.
Kommunane kan òg gje dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona. Visse vilkår må vere oppfylt for å kunne dispensere. Av plan- og bygningslova § 19-2 framkjem at omsyna bak føresegna det vert dispensert frå, omsyna i føremålsføresegna i lova eller nasjonale eller regionale interesser, ikkje må bli sett vesentleg til side. For det andre skal fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene. Dersom vilkåra er oppfylt, vil det vere opp til lokalpolitikarane om dei ønsker å gje dispensasjon eller ei. Også i denne vurderinga har politikarane stor grad av fridom til å bestemme utfallet av saka.
Dagens lovverk gjev betydeleg handlingsrom for å utøve lokalpolitisk skjønn ved bygging i strandsona. Det er mange dyktige juristar i plan- og byggesaksavdelingar rundt om i landet. Eg legg til grunn at både dei og lokalpolitikarar bidreg til god planlegging og lokale vedtak innanfor dei nasjonale rammene som gjeld.