Alfred Jens Bjørlo (V): Røde Kors Nordisk United World College (UWC) er i ein svært krevjande økonomisk situasjon etter at Sverige kutta tilskotet til skulen med 7 mill. NOK i 2023, samtidig som det norske statstilskotet har hatt realnedgang i fleire år og vart ytterlegare kutta på statsbudsjettet 2023.
Vil regjeringa sørge for at Red Cross Nordic UWC får nødvendig prioritet på statsbudsjettet for 2024 til å rette opp i den svært krevande økonomiske situasjonen for dette særeigne internasjonale skuletilbodet og viktige nordiske samarbeidsprosjektet?
Begrunnelse
Den nordiske skulen i Fjaler, UWC RKN, vart etablert i Fjaler i Vestland fylke i 1995 som eit felles nordisk prosjekt, og har sidan starten mottatt størstedelen av sine inntekter gjennom statsfinansiering frå dei nordiske landa, dvs. Noreg, Sverige og Danmark, samt frå Grønland, Finland, Island, Åland og Færøyane.
Skulen husar ca. 200 elevar frå heile verda – og er ein heilt unik skule både i nordisk og global samanheng. I motsetnad til mange andre internasjonale skular, kan ungdom også frå fattige land gå på Red Cross UWC Nordic utan å måtte betale høge skulepengar – ikkje minst på grunn av den sterke grunnfinansieringa frå dei nordiske vertskapslanda.
Bortfall, reduksjon og manglande auke i statleg støtte frå dei nordiske vertslanda utfordrar no skulen sin vidare eksistens. At Ap/Sp-regjeringa kutta i den norske vertsland-finansieringa av Red Cross Nordic UWC på statsbudsjettet for 2023, har gitt særs uheldige signaleffekter, slik at vi no mellom anna ser at Sverige har trekt ut heile sitt tilskot til skulen med øyeblikkeleg verknad. Skulen styrer mot eit betydeleg underskot i 2023 og har stoppa alle vidare planer om nødvendig oppgradering av skuleanlegget.
Skulen seier sjølv i brev til Utdanningsdirektoratet i brev dagsett 24. mars 2023 at det er nødvendig med ei ekstraordinær ekstra støtte på opptil 5 mill. NOK for å kome ut av den samla situasjonen skulen er sett i som følgje av Noreg og Sverige sine kutt i tilskot til skulen, samt ei meir langsiktig løysing som gir forutsigbarheit og eit tilfredsstillande nivå i åra som kjem, og sikrar at skulen sine inntekter minimum følger konsumprisindeksen.
Situasjonen for UWC Red Cross Nordic har også vore løfta i Nordisk Råd våren 2023. Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim besøkte skulen i august 2023, og ga då tydelege signal om at regjeringa no omsider ser alvoret i situasjonen skulen er komen i, og vil strekke seg langt for å stille opp.