Skriftlig spørsmål fra Per-Willy Amundsen (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:3034 (2022-2023)
Innlevert: 29.08.2023
Sendt: 29.08.2023
Besvart: 07.09.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Per-Willy Amundsen (FrP)

Spørsmål

Per-Willy Amundsen (FrP): Er statsråden enig med Politiets Fellesforbund om at det skjer en nedbemanning i politiårsverk, og er en nedbemanning i politiårsverk en styrking eller svekkelse av politiet?

Begrunnelse

På Politisk kvarter den 22.08.23 uttalte statsråden at det har blitt 600 flere årsverk i politiet siden hun tok over og at dette er bra for nærpolitiet og beredskapen i hele Norge. Det vises også til at finansministeren i partilederdebatten på VG-TV den 09.08.23 sa at «det har blitt over 600 flere folk som jobber i politiet i dag» enn da Senterpartiet overtok. I Politiforums nettsak av 25.08.23 opplyser statssekretær Indrefjord at bemanningen i politiet er økt med 543 årsverk fra juli 2021 til juli 2023.
Politiforum har i den nevnte nettsaken gjennomgått bemanningstallene fra Politidirektoratet. Av de observasjoner Politiforum har gjort, vises det særlig til følgende fra nettsaken: «Mens det totalt sett har blitt 543 flere ansatte i politiet fra 31. juli 2021 til 31. juli 2023, viser statistikken at det i politidistriktene har blitt 255 færre politiårsverk.» og «Samlet har det i denne toårsperioden blitt 53 færre politiårsverk i hele politiet, mens den store økningen har kommet i antall sivilt ansatte - der har det blitt 538 flere årsverk.». Leder av Politiets Fellesforbund uttaler seg i saken, og uttaler at det nå skjer en nedbemanning i politiårsverk som er en alvorlig situasjon og en trend som må snus.
Det er en betydelig forskjell mellom regjeringen og Politiets Fellesforbunds virkelighetsbeskrivelse om hvor vidt politiet er styrket eller svekket etter at regjeringen overtok. Tallenes tale er imidlertid utvetydige. Det bes derfor besvart om statsråden er enig med Politiets Fellesforbund i at det skjer en nedbemanning i politiårsverk, og om statsråden mener denne reduksjonen i politiårsverk er en styrking eller svekkelse av politiet.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Eg vil streke under at denne regjeringa prioriterer politiet. Då vi kom i regjering var noko av det første vi gjorde å styrkje politiet med 200 mill. kroner i budsjettet for 2022 utover framlegget frå den tidlegare regjeringa. I budsjettet for i år prioriterer vi å bruke ressursar på betre lokale polititenester og beredskap, og mindre på m.a. sentral administrasjon og konsulentar. I tillegg har regjeringa nettopp fått gjennomført den største prioriteringa av politiet i eit revidert nasjonalbudsjett vi kjenner til, med ein auke på 550 mill. kroner. Desse midlane vil setjast inn i politidistrikta i laupet av hausten. Den uvanleg høge prisstiginga i samfunnet og det at politiet etter eige utsegn hadde «litt for høg fart» inn i 2023 inneber at det likevel er krevjande for mange som sit med budsjettansvar i politiet.
Sidan Senterpartiet og Arbeiderpartiet kom i regjering har politiet fått om lag 600 fleire årsverk. Det bidreg til eit sterkare politi og meir tryggleik for folk i heile landet.
Tala representanten presenterer, er, som departementet har peika på tidlegare, gjenstand for ei rad feilkjelder. T.d. inneber flyttinga av den kongelege politieskorten at i overkant av 70 årsverk er flytt frå Oslo politidistrikt til PST. Det finst òg fleire slike feilkjelder, som departementet har gjort greie for tidlegare. Det er også ei utfordring at tala endrar seg ganske mykje frå månad til månad, slik at resultatet ein får er avhengig av kva periode ein vel og at denne perioden er eit rimeleg samanlikningsgrunnlag. Det er mogleg å bruke statistikken til å få høgst ulike resultat dersom ein ynskjer det, også resultat som gjev eit misvisande bilete av utviklinga i politiet. Hovudbiletet er like fullt at politiet har fått fleire årsverk etter regjeringsskiftet, og auken er totalt om lag på 600 årsverk. Dette talet vil endre seg litt opp eller ned kvar månad utan at det endrar hovudbiletet.
Då Framstegspartiet gjekk ut av regjering i januar 2020 var det 9381 politiårsverk i politidistrikta og 17 497 årsverk i politiet samla. Dei siste tala vi har no, for juli 2023, er høvesvis 10 259 og 19 434. Det har altså vorte 878 (+9,4 prosent) fleire politiårsverk i distrikta og 1937 (+11,1 prosent) fleire årsverk i politiet samla sidan Framstegspartiet gjekk ut av regjering. Dette er ein betydeleg auke på berre 3,5 år og illustrerer godt at AP-Senterpartiet-regjeringa prioriterer politiet høgt og at politiet samla sett er styrkt kraftig dei siste åra. Eg strekar under at desse tala ikkje er korrigerte for feilkjelder, slik at t.d. auken i årsverk i politidistrikta truleg reelt er høgre enn det tala kan gje inntrykk av. Det er også andre tilhøve som inneber at desse tala, til liks med m.a. tala representanten presenterer, må tolkast ut frå dei store endringane som har skjedd i politiet dei siste åra.
I 2021 var ein stor del av auken i politibemanninga i politidistrikta knytt til mellombelse forsterkningar i samband med pandemien (grenseoppdraget). I 2022 vart forsterkningsressursar nytta til å handtere migrasjonsstraumen i samband med krigen i Ukraina. Denne interne flyttinga av forsterkningsressursar til å handtere to ulike kriser, er ei medverkande årsak til at statistikken dei siste åra kan vere krevjande å tolke.
Eg vil elles minne om at talet på studentar ved Politihøgskulen (PHS) vart redusert betydeleg under den førre regjeringa. Senterpartiet og AP var kritiske til desse kutta. AP-Senterpartiet regjeringa har difor aukt talet på studieplasser ved PHS med 100 frå og med studieåret 2022-2023. Dette inneber at vi i åra frametter kan utdanne fleire politifolk som kan gå inn i norsk politi og bidra til tryggleiken i små og store lokalsamfunn i heile Noreg.