Skriftlig spørsmål fra Grete Wold (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:3065 (2022-2023)
Innlevert: 31.08.2023
Sendt: 01.09.2023
Besvart: 11.09.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grete Wold (SV)

Spørsmål

Grete Wold (SV): På hvilken måte jobbes det med å sikre at alle barn som bor på krisesenter får undervisning, også der man ikke kan forlatte senteret?

Begrunnelse

Det å være barn, og måtte bo på et krisesenter er vanskelig i seg selv. Det å kunne fortsette på en skole utenfor senteret er viktig, og en normalisering barn har godt av. Men det er det ikke alltid mulig å få til, barnets sikkerhet må gå først. Etter opplæringsloven har alle barn rett på undervisning i institusjon, i fengsel og helseinstitusjoner. Barn på sykehus får undervisning der, men ikke alle barn på krisesenter får et tilbud der man ikke kan forlate senteret. Noen sentre har klart å tilrettelegge, men det gjelder ikke alle steder og konsekvensene er at barna ikke får nødvendig undervisning i trygge rammer. Det kunne vært løst ved at SMI skolene også legger til rette for denne elevgruppen, er det noe man er oppmerksom på og jobber med å forbedre er av interesse.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barn som oppheld seg på krisesenter har dei same rettane som andre barn. Det er kommunane som skal sørgje for at barn får oppfylt dei rettane dei har etter anna regelverk, jf. krisesenterlova § 3. Dette gjeld òg rett til skulegang gjennom opplæringslova.
Nokre barn kan dessverre ikkje gå på skule mens dei er på krisesenter. Krisesenterstatistikken viser at 36 % av opphalda til skulebarn medførte anten fullstendig eller delvis avbrot i skulegangen. Omsynet til sikkerheita til barnet var den klart vanlegaste årsaka til avbrot i skulegang. Andre årsaker var avstand til skule og tid til organisering av vidare skulegang. Statistikken viser også at det ved ca. ein fjerdedel av opphalda til skulebarn blei det oppretta eit samarbeid med skulen til barnet.
Det kjem fram av barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) sin faglege rettleiar for innhaldet i krisesentertilbodet at barn har rett til å fortsette å gå på den noverande skulen sin, sjølv om krisesentertilbodet er lokalisert i ein annan kommune eller eit anna fylke. Det kan likevel i nokre tilfelle vere formålstenleg at barnet byter skule i ein periode, dersom skulevegen er uforholdsmessig lang, eller av omsyn til sikkerheit. Dersom barnet ikkje kan nytte seg av det ordinære skuletilbodet, skal kommunen leggje til rette for alternative løysingar, til dømes opplæring på krisesenteret.
Ei positiv utvikling er at det er færre barn som får avbrot i skulegang mens dei er på krisesenter, og det er eit relativt lite tal barn dette gjeld. Krisesentera gjer eit godt arbeid for å normalisere kvardagen til barn under opphaldet. Dette betyr at det er eit potensial for å finne lokale løysingar for å leggje til rette for alternative og fleksible ordningar.
Stortingsrepresentanten nemnar SMI-skular i sitt spørsmål. SMI-skular er ei organisering på fylkeskommunalt nivå for å vareta ansvaret til fylkeskommunane når det gjeld å gi undervisning til barn og unge som er innlagte i helseinstitusjonar eller busette i barneverninstitusjonar, jf. opplæringslova §§ 13-2 og 13-3 a. Fylkeskommunane har ikkje ansvar for undervisning for barn i krisesentertilbodet.