Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:3069 (2022-2023)
Innlevert: 01.09.2023
Sendt: 01.09.2023
Besvart: 08.09.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Mener statsråden at det er rett å hindra folk i å arbeida når dei er innvilga supplerande stønad, eller vil statsråden bidra til at alle skal få moglegheit til arbeid med inntekt - også flyktningar som kom hit med nedsett funksjonsevne, og som er innvilga supplerande stønad?

Begrunnelse

Stønaden «supplerande stønad for uføre flyktningar», som vart innført i 2021 under Solbergregjeringa, blir gitt til flyktningar som fyller dei medisinske vilkåra for uføretrygd, men ikkje har opparbeida rettar i folketrygda. Menneske som mottar «supplerande stønad for uføre flyktningar» får redusert stønaden krone for krone mot eventuell inntekt som vedkomande OG ektefelle/sambuar/partnar har til saman. Denne stønaden skaper økonomisk utryggheit og ekskluderer uføre flyktningar frå deltaking i samfunnet, både fordi satsane er låge og fordi ein ikkje får same tilgang til arbeidslivet som andre uføre kan få.
For ti år sidan kom ein mann som flyktning til Noreg. Han har ikkje fullført norskopplæringa til trass for gjentatte forsøk. Det viste seg etter kvart at mannen er analfabet. Dette har ført til at han ikkje er norsk statsborgar, men får mellombels opphald som han må søka om jamleg. Han har gjennomført ein lang periode i AFT – arbeidsførebuande tiltak – og har forsøkt seg i ulike bedrifter utan at dette har gitt moglegheit for fast arbeid, då det er for mange oppgåver han ikkje meistrar.
Mannen har gått gjennom ei utgreiing som har avklart at han er 100 prosent ufør grunna ei kognitiv funksjonsnedsetting. Eitt av kriteria for diagnosen er at funksjonsnedsettinga har vore kjent før han blei 18 år. Det betyr at han har hatt denne funksjonsnedsettinga før han kom til Noreg, noko som fråtar han retten til uføretrygd.
Like før avslaget om uføretrygd gjennomførte han praksis i 4 veker, og fekk tilbod om fast stilling hos ein arbeidsgivar der arbeidet er tilrettelagt funksjonsnivået hans. Vilkåret for tilbodet var at mannen fekk innvilga uføretrygd og fekk oppfølging via tiltaksarrangør der arbeidsgivar betaler noko lønn medan uføretrygda framleis er hovudinntekt. Det er ei ordning som fungerer godt for mange arbeidstakarar på norske arbeidsplassar i dag.
Då det vart klart at uføretrygda ikkje blei innvilga fall også ordninga med tiltaksarrangør vekk. Før han får same rettar som uføretrygda til å behalda lønna, står han altså utan oppfølging frå tiltaksarrangør, og dermed utan arbeid.
Ei vellykka integrering handlar først og fremst om å få delta og bidra. Men denne ordninga skyv folk ut av arbeidslivet, og hindrar integrering.

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: Jeg legger til grunn at spørsmålet fra representanten Fiskaa gjelder vilkårene for å motta tilbud om varig tilrettelagt arbeid (VTA). Forskrift om arbeidsmarkedstiltak (§ 14-3) sier at dette «tiltaket er rettet mot personer som mottar eller i nær fremtid ventes å få innvilget uføretrygd etter folketrygdloven, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Andre arbeidsmarkedstiltak skal være vurdert og funnet å være uaktuelle.» Arbeids- og inkluderingsdepartementet har instruert Arbeids- og velferdsetaten om at utviklingshemmede skal være en prioritert gruppe ved inntak til VTA. Arbeids- og velferdsetaten har også andre tiltak rettet mot personer med nedsatt arbeidsevne, men det er kun VTA som stiller vilkår om at mottakerne skal være uføretrygdet.
Supplerende stønad er en ytelse rettet mot personer som ellers har lav eller ingen ytelse fra folketrygden på grunn av kort botid i Norge. Uføre flyktninger som mottar denne ytelsen kan i dag ikke motta tilbud om VTA, siden tiltaksforskriften stiller krav om at deltaker må være uføretrygdet.
Det kan virke rimelig å behandle de to gruppene uføre likt siden supplerende stønad for personer med kort botid i Norge har samme formål som uføretrygden. Jeg ønsker derfor å se nærmere på om uføre flyktninger som mottar supplerende stønad bør inkluderes i personkretsen for VTA, dersom de også tilfredsstiller de øvrige vilkårene i tiltaksforskriften.