Ingrid Fiskaa (SV): I snart tjue år har me diskutert behovet for internasjonale skattereglar. Global fattigdom og ulikskap aukar, men utviklingsland taper framleis langt meir pengar på skatteparadis enn det dei får i bistand. Med dei afrikanske landa i ryggen kjem FNs generalsekretær med ein svært tydeleg beskjed til haustens generalforsamling: Det trengst ein skattekonvensjon i FN no.
Vil regjeringa aktivt støtta opp om generalsekretærens rapport på FNs generalforsamling, og vil regjeringa ta til orde for å vedta eit forhandlingsmandat?
Begrunnelse
28. august kom den endelege versjonen av rapporten "Promotion of inclusive and effective international tax cooperation at the United Nations" frå FNs generalsekretær. Rapporten er eit resultat av resolusjonen om internasjonalt skattesamarbeid som vart einstemmig vedteken av FNs medlemsland i desember i fjor. Generalsekretæren kjem i rapporten med tydeleg kritikk av skattearbeidet i OECD som verken har levert på tid eller inkludering.
Dei fyrste diskusjonane om ein internasjonal skattekonvensjon starta i 2005, men til trass for at det har gått nesten 20 år har ikkje verdssamfunnet lukkast i arbeidet. No er det endeleg eit større rom for handling. Ifølge Hurdalsplattformen skal regjeringen sørga for at Noreg “inntar en ledende rolle i det internasjonale arbeidet for å bekjempe ulovlig kapitalflyt og skatteunndragelse,” og “arbeide for en internasjonal konvensjon om økonomisk åpenhet.”
SV vil at regjeringa bruker handlingsrommet og støttar generalsekretæren og dei afrikanske landa i å endeleg koma i gang med forhandlingar. Oppretting av ei arbeidsgruppe vil no berre forseinka prosessen ytterlegare. Med vedtak av eit forhandlingsmandat på generalforsamlinga vil me endeleg kunna koma i mål med internasjonale skattereglar, slik at utviklingsland kan koma seg ut av fattigdomsfella og rike land kan bygga ut sterkare velferdsordningar.