Skriftlig spørsmål fra Sofie Marhaug (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:3174 (2022-2023)
Innlevert: 18.09.2023
Sendt: 18.09.2023
Besvart: 25.09.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Sofie Marhaug (R)

Spørsmål

Sofie Marhaug (R): Vil statsråden undersøke om strømselskaper tar ulovlig høye papirfakturaer, og i så fall sørge for at kundene får pengene tilbake?

Begrunnelse

VG (18. september) skriver om at noen strømselskaper tar svært godt betalt for papirfaktura. Forbrukerrådet har gjort en undersøkelse som viser at noen tar opptil 74 kroner for å sende en regning i posten.
Som det også pekes på av Forbrukerrådet i saken, så slår den nye finansavtaleloven fast at gebyret ikke kan være høyere enn utgiftene selskapet har ved faktureringen. Spørsmålet er om noen av strømselskapene kan ha syndet mot dette prinsippet. I så fall må kundene få pengene tilbake.
Det er typisk at eldre rammes ekstra hardt av praksisen med høye gebyrer for papirfaktura. Dette gjelder ikke bare for strømregninger, men alle papirfakturaer. Det er et stort problem, som rammer svært urettferdig. Det er nemlig urimelig at en hel gruppe skal få ekstra høye og potensielt ulovlige strømregninger bare fordi de mottar regningen i posten.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av at det finst gode forbrukarrettar og at forbrukarane skal vere verna mot urimeleg høge fakturagebyr. Høge fakturagebyr er eit problem på tvers av bransjar og ikkje berre i straummarknaden. I tillegg er høge fakturagebyr ekstra belastande for forbrukarar som har dårleg økonomi.
I den nye finansavtalelova som tok til å gjelde frå 1. januar 2023, er det reglar i § 2-4 om fakturagebyr. Det heiter her at gebyr ikkje kan overstige betalingsmottakaren sine faktiske kostnader ved bruk av eit betalingsmiddel eller dei faktiske kostnadene ved å sende ei rekning. Eg forventar at straumbransjen er kjend med og rettar seg etter desse reglane.
Det er Forbrukartilsynet som fører tilsyn med reglane. Det er dermed opp til Forbrukartilsynet å vurdere om eit konkret fakturagebyr er i strid med reglane som er nemnde ovanfor. Det er òg opp til tilsynet å vurdere om dei vil undersøkje eller opne ei konkret sak. Forbrukartilsynet har nyleg pålagt fleire teleselskap og eit selskap som krev inn betaling frå forbrukarar på vegner av mellom andre fastlegar å sende inn opplysingar om dei faktiske kostnadene selskapa har når dei sender ut faktura. Når Forbrukartilsynet får opplysingane, vil tilsynet kunne vurdere om storleiken på fakturagebyra er lovleg.
Eg har bede Forbrukartilsynet om særleg å følgje opp straumbransjen, og tilsynet har i år mellom anna gjennomført ein tilsynsaksjon der dei avdekte mange brot på regelverket om marknadsføring og angrerett. Desse følgjer dei opp overfor bransjen. Forbrukartilsynet har i denne omgangen ikkje sett på om straumselskap har ulovleg høge fakturagebyr, men det kan bli aktuelt seinare etter at resultata av dei nemnde sakene om fakturagebyr ligg føre.
Dersom Forbrukartilsynet vurderer at ein straumleverandør tek ulovleg høge fakturagebyr, kan tilsynet sanksjonere lovbrotet med tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. Tilsynet kan òg gå i dialog med straumleverandøren om at denne skal forplikte seg til å tilby avhjelpande tiltak til forbrukarane som har fått for høge gebyr. Det er likevel opp til leverandøren om han vil gå med på ei slik løysing.