Alfred Jens Bjørlo (V): Kutt i energibruk i bygg og ny lokal energiproduksjon, spesielt i form av solenergi, kan bidra med så mykje som ein fjerdedel av det vi treng av ny krafttilgang i Noreg innan 2030.
Vil regjeringa følgje opp den nye tilrådinga frå LO og NHO om skjerpa mål for redusert energibruk i bygg og nye og forsterka tiltak for å kutte energibruk i bygg, herunder auka økonomisk støtte til alle typar enøk-tiltak i alle typar bygg, og er statsråden enig i at ei slik forsterka ENØK-satsing er samfunnsøkonomisk fornuftig og nødvendig?
Begrunnelse
LO og NHO la 19. september fram ein ny strategi for auka satsing på energieffektivisering og lokal solkraft, med tilrådingar om sektorvise mål og offentlege rammevilkår, med mål om å sikre god kraftbalanse i åra fram mot 2030.
I rapporten blir det mellom anna synt til at Det Internasjonale Energibyrået (IEA) påpeiker at Noreg ligg bakpå når det gjeld energieffektivisering, og at manglande implementering i Noreg av EU sitt rammeverk for energieffektivisering og manglande nasjonal koordinering av arbeidet med kutt i energibruk er viktige årsaker til det. NVE anslår at det tekniske potensialet for energieffektivisering er nær 50 TWh, og at i alle fall 24 TWh av dette også er samfunnsøkonomisk lønsamt.
Av dei nye tiltaka LO og NHO foreslår, er mellom anna:
- Påbud om solceller på alle nye offentlege bygg med tak over 250 kvadratmeter innan 2026, gitt ledig nettkapasitet.
- Innføre delvis anleggsbidrag ved trong for nettinvesteringer
- Enova-støtte til alle typer bygg, der støttenivået blir justert årleg for å nå 2030-måla.
- Enova-støtte til batteri og lagring i bygg og til batteritenesteselskap
- Utviding av plusskundeordninga, slik at plusskunder kan dele sin produksjon med alle øvrige uttakskundar innanfor same nettstasjon
Strategien er utarbeiddd i samarbeid med Fellesforbundet, EL og IT Forbundet, Industri Energi, Fagforbundet, Nelfo, Norsk Industri, Byggenæringens Landsforening, Abelia og Fornybar Norge, og har støtte frå eit samla arbeidsliv.