Skriftlig spørsmål fra Marian Hussein (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:3205 (2022-2023)
Innlevert: 20.09.2023
Sendt: 21.09.2023
Besvart: 27.09.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Marian Hussein (SV)

Spørsmål

Marian Hussein (SV): I en artikkel datert 18. september hos TV2 kan vi lese at flere av landets tannleger bryter prisopplysningsloven, og at pasienter som følge av det risikerer å bli sittende med svært store regninger uten på forhånd være kjente med prisen.
I påvente av tannhelseutvalgets gjennomgang og eventuelle forslag til priskontroll med tannleger, hvordan vil statsråden sikre at lovverket blir overholdt, og vil hun ta initiativ til at forbrukerrådet gjennomfører en tilsynsaksjon med hele bransjen?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Tannlegerekninga er for mange ei stor økonomisk belasting. Det bør vere sjølvsagt at tannlegar følgjer reglane for prisopplysing slik at vi har lett tilgjengelege prisar på desse tenestene. Korrekte opplysingar om pris skal vere tilgjengelege når ein kjøper ei vare eller tenest. Dette er viktig av omsyn til priskonkonkurransen mellom tilbydarane, og for at den enkelte forbrukar skal vite kor mykje ei vare eller teneste kostar før ein avtale blir inngått.
Av § 18 i prisopplysingsforskrifta går det fram at tilbydarar av tannhelsetenester har ei særskild opplysingsplikt. Dei er plikta til på førehand og utan oppfordring gi forbrukaren eit skriftleg pristilbod dersom totalprisen på behandlinga vil overstige 5 000 kroner. Pristilbodet kan gjevast munnleg dersom all behandling skjer i den første konsultasjonen.
Forbrukartilsynet fører tilsyn med reglane for marknadsføring og prisopplysing. Tilsynet kan fatte påbods- og forbodsvedtak med tvangsmulkt, eller fastsette lovbrotsgebyr til tannlegar som bryt reglane. Forbrukartilsynet kan gjennomføre tilsynsaksjonar der det er naudsynt, men òg rettleie og føre dialog med dei næringsdrivande slik at dei innrettar seg etter regelverket. Det er viktig at forbrukarar og andre tipsar tilsynet eller sender inn ein klage dersom dei meiner at næringsdrivande bryt forbrukarrettane.
Barne- og familiedepartementet gir overordna føringar og økonomiske rammer for verksemda til Forbrukartilsynet i årlege tildelingsbrev. For at rettane til forbrukarane skal bli varetekne på best mogleg måte, er det avgjerande at tilsynet er fagleg sjølvstendig og får prioritere innanfor føringane og rammene.
Som representanten viser til i spørsmålet sitt, har regjeringa sett ned eit utval som skal gå gjennom tannhelsefeltet med føremål å leggje fram ulike modellar for lettare tilgjengelege tannhelsetenester i heile landet. Utvalet skal gje forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilte med andre helsetenester, og vurdere modellar for ein maksimal eigenandel i tannhelsemarknaden. Utvalet skal òg fremje forslag som kan medverke til å styrkje kunnskapen til innbyggjarane om prisane på tannhelsetenester.
Eg ser fram til utgreiinga frå tannhelseutvalet, som skal leverast innan utgangen av juni 2024.