Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:3218 (2022-2023)
Innlevert: 22.09.2023
Sendt: 22.09.2023
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 05.10.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Norske kommunar har gjort ein stor innsats og god jobb med å ta imot eit historisk høgt tal flyktningar det siste året. For mindre kommunar som Fauske byr det på utfordringar med kapasitet og økonomi.
Kva gjere regjeringa for å sikre at kommunar får tilstrekkeleg med ressursar til å ta imot våre ukrainske systre og brør på ein god måte?

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: Spørsmålet blei oversend til arbeids- og inkluderingsdepartementet den 29. september. Spørsmålet handlar om ansvarsområda til fleire statsrådar. Eg har ansvar for å samordne innsatsen for fordrivne og flyktningar, og svarar på vegne av regjeringa.
Kommunane gjer ein særs viktig jobb med å ta imot mange fordrivne og flyktningar på kort tid. Eg er imponert over kva kommunane har fått til. Regjeringa er opptatt av å setja kommunane best mogleg i stand til å ta imot fordrivne frå Ukraina og flyktningar frå andre land. Det er ei rekke ordningar som er med og kompenserer kommunane for utgiftane dei har til bebuarar i mottak og til busetjing og integrering av flyktningar og fordrivne.
Kommunar som har asylmottak får vertskommunetilskot. Vertskommunetilskotet skal dekkje kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon for mottak i kommunen. I tillegg til ein grunnsats per kommune får kommunane tilskot per mottaksplass, differensiert etter type plass. I tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet kan det også givast eit særleg tilskot ved omsorgsovertakingar og til oppfølging av personar med alternativ mottaksplassering. Ordninga med vertskommunetilskot omfattar i tillegg tilskot til dei kommunane som tilbyr barnehageplass og plass i skulefritidsordning. Det blir òg gitt tilskot, forvalta av Utdanningsdirektoratet til grunnskuleopplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg. Utlendingsdirektoratet forvaltar i tillegg ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge i mottak.
Kommunar som buset flyktningar, får integreringstilskot i fem år for kvar person dei buset. Det er integreringstilskotet som utgjer hovudfinansieringa for arbeidet med busetting og integrering i kommunane, saman med tilskot til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, tilskot til busetting av personar med nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar og særskilt tilskot til busetting av einslege mindreårige flyktningar. I tillegg kjem ei auke i skatteinntekter og rammetilskot på grunn av at innbyggjartalet i kommunen går opp.
For å bidra til at kapasiteten i tenestene ikkje blir overskriden, har Stortinget i 2023 løyvd 20 mill. kroner ekstra til tiltak som skal bidra til betre bemanning og auka kompetanse i barnehage og skole om nykomne barn og unge. I revidert nasjonalbudsjett blei det vedtatt ei mellombels gjeninnføring av tilskot til utleigebustader. Kommunane kan i 2023 søke Husbanken om tilskot til kjøp, bygging og istandsetting av bustader. Stortinget har også gjort mellombelse endringar i fleire lovar som skal gjere det enklare for kommunane å ta imot fordrivne frå Ukraina. Nemnde ordningar er ikkje uttømmande. Det finnes andre tilskotsordningar for ulike sektorar som kan bidra til finansiering, og andre tiltak for fordrivne og flyktningar frå Ukraina og andre land.
Den situasjonen vi har no med eit stort tal på fordrivne og flyktningar gir ekstraordinære utfordringar som vi må følgje med på. Regjeringa er opptekne av å ha tett dialog med kommunane om særskilte situasjonar som kan oppstå, og korleis desse kan løysast.