Skriftlig spørsmål fra Sofie Marhaug (R) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:3231 (2022-2023)
Innlevert: 25.09.2023
Sendt: 25.09.2023
Besvart: 29.09.2023 av olje- og energiminister Terje Aasland

Sofie Marhaug (R)

Spørsmål

Sofie Marhaug (R): Kan ministeren gi eit tidspunkt for når det kjem ei avgjerd frå olje- og energidepartementet om ei ny 420 kV kraftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune, ein ny Gismarvik transformatorstasjon og ei utviding av Blåfalli koplingsstasjon?

Begrunnelse

Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) har allereie levert si innstilling i saka.
Lokalsamfunnet er særleg uroa for eit vedtak om å legge ei ny kraftleidning som høgspentleidning, som er hovudregelen for nettutbygging i Noreg. Stortingsmelding 14 (2011-2012) «Vi bygger Norge - om utbygging av strømnettet» opnar likevel for unntak, sjølv om dette ikkje har vore vanleg til no.
Både kommunestyret i Etne og fylkestinget i Vestland har fatta vedtak der dei ber regjeringa om å gå for jord- og sjøkabel i staden for høgspentleidning mellom Blåfalli og Gismarvik. Det er både natur- og kulturgrunngjevingar for å gjere eit unntak. Å lytte til lokalsamfunnet som skal få nettet tvers igjennom kommunen er dessutan eit sjølvstendig argument for å legge leidninga i jord- og sjøkabel framfor ei ny høgspentleidning.

Terje Aasland (A)

Svar

Terje Aasland: Statnett ble tildelt konsesjon til ny 420 kV kraftledning mellom Blåfalli og Gismarvik i statsråd fredag 29. september.