Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3237 (2022-2023) Innlevert: 25.09.2023 Sendt: 25.09.2023 Besvart: 27.09.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Dag-Inge Ulstein (KrF): KrFs representant i Oslo bystyre fremmet forslag før sommeren 2019, og et enstemmig bystyre vedtok i september 2019 å reise minnesmerke for norske rom. Hva er status på arbeidet med å reise minnesmerke for norske rom, og vil statsråden bidra til fortgang i arbeidet?
Sigbjørn Gjelsvik: Byrådsavdelingen for kultur, idrett og frivillighet i Oslo kommune sende 18. november 2019 brev om vedtaket som representanten syner til, til Kommunal- og moderniserings-departementet, der departementet «bes vurdere realisering av minnesmerket». Byrådsavdelinga sende eit nytt brev 13. september 2021 der oppmodinga vart gjenteken.Kva for vurderingar som departementet eller regjeringa kan ha gjort av oppmodinga frå Oslo bystyre i dei to åra fram til regjeringa Støre tiltredde 14. oktober 2021, kan eg naturleg nok ikkje svare på.Kommunal- og distriktsdepartementet svarte Oslo kommune i brev 7. februar 2022.I brevet viste departementet til at den norske staten i 2015 beklaga den rasistiske ekskluderingspolitikken som norske styresmakter førte overfor norske romar før, under og etter andre verdskrigen. Samtidig med orsakinga vart det lova ei kollektiv oppreising til dei norske romane. I arbeidet med å konkretisere denne kollektive oppreisinga hadde departementet dialog med dei norske romane og samla inn informasjon om ønske og behov som minoriteten var opptekne av. Eg er kjent med at departementet den gongen vurderte ulike former for kollektiv oppreising, mellom anna ein eventuell minnestad eller eit minnesmerke. Fleire blant dei norske romane hadde i mange år uttrykt eit ønske om eit eige kulturhus der romane kan samlast. Dette samstemte ønsket vart respektert, og i arbeidet med oppreisinga prioriterte departementet å etablere Romano Kher – Romsk kultur- og ressurssenter. Senteret opna i 2018, og det flytta inn i nye og større lokale på Ryen i Oslo i 2021.Kommunal- og distriktsdepartementet prioriterer framleis drift og vidareutvikling av Romano Kher, med dei tilboda og moglegheitene som kan arbeidast fram der.Dersom det skulle bli aktuelt å gå vidare med ideen om eit nasjonalt minnesmerke, er eg oppteken av at det i så fall må skje etter ønske frå, og i nær dialog med, romane sjølv.Departementet har årlege møte med Romsk råd, som representerer den romske minoriteten. Det neste møtet blir truleg i oktober.Eg kan nytte dette høvet til å orientere om at i oktober opnar ei fotoutstilling på Romano Kher. Utstillinga Norske sigøynere – Norvegiska romá var på Interkulturelt museum (IKM) i Oslo 2014–2017. Formålet med utstillinga er å bevare og formidle allereie innhenta materiale og dokumentasjon om dei norske romane si historie, kultur og kvardag i Noreg, men òg å samle inn og formidle nytt og oppdatert materiale.Vidare har Senter for studier av Holocaust og Livssynsminoriteter (HL-senteret) oppretta eit minnerom. I minnerommet minnast vi alle dei jødane og romane frå Noreg som vart drepne under Holocaust, så langt vi har kunnskap om dei. Minnerommet vart oppdatert med namna på romane i 2021 og er ein del av den faste utstillinga HL-senteret har om Holocaust.