Ingrid Fiskaa (SV): Kva har forsvarsministeren sett i verk, og/eller kva vil statsråden setja i verk, av kompetansehevande tiltak og endring av rutinar slik at unødvendige naturinngrep slik det skjedde på Gyrihaugen i Ringerike, kan unngåast i framtida?
Begrunnelse
FNs naturpanel har slått fast at naturkrisa med tap av naturmangfald er like alvorleg som klimakrisa. Naturinngrep og nedbygging av natur er mellom dei viktigaste årsakene til naturkrisa. Veganlegg har i tillegg til tapet av natur med sjølve vegen, ein særleg negativ effekt ved at det utgjer ein barriere og fragmenterer naturområde. Naturinngrep har også stor negativ effekt på landskapskvalitetar og folks friluftslivsopplevingar.
Kunnskapen om naturkrisa gjer at alle sektorar må tillegga verdien av urørt natur langt større vekt i si arealdisponering og bruk av naturområde. Omdisponering av natur må avgrensast. Det handlar både om å ha tilstrekkeleg kunnskap og kompetanse om naturforhold, og om haldningar og vektlegging av omsyn til natur. På denne bakgrunnen er det svært uheldig at Forsvaret har bygd ein veg og sprengt ut to store platå på Gyrihaugen i Ringerike, som det etter at naturinngrepa er utført viser seg at likevel ikkje kan brukast.
På Gyrihaugen i Ringerike verkar det som om det er gjort fundamentale feilvurderingar av kor eigna området er for plassering av eit radaranlegg. Det ser ut som ein vesentleg svikt i kompetanse og rutinar. Det bør vera tema for ein grundig gjennomgang.
Det er altså utført betydelege naturinngrep til inga nytte i eit av landets viktigaste og mest brukte natur- og friluftslivsområde. Det er svært viktig at ein tar lærdom av dette, med styrking av kompetanse om både natur og forsvarsmessige forhold, auka vektlegging av naturforhold når inngrep blir vurdert, og endring av avgjerdsrutinar slik at tilsvarande skandalar blir unngått i framtida.