Frank Edvard Sve (FrP): E-39 Veibust-Blindheimstunellen-Moa er den mest trafikkerte vegen i Møre og Romsdal med ein smal 1 løps tunell med heile 22 000 bilar i døgnet og berre siste året fleire dødsulykker.
Er det slike vegar samferdselsministeren har tenkt skal forbli smale, livsfarlige vegar, eller vil regjeringa her leggje opp til firefeltsveg på dette prosjektet?
Begrunnelse
Regjeringa har akkurat gått ut med informasjon om at vegbygging no framover skal nedskaleres frå firefeltsveg til smalare vegar, to og trefeltsveg. Dette for å "spare" samferdselskroner, samtidig som det er slått klart fast at firefeltsveg er dei tryggaste vegane vi har.