Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare logikken i at regjeringa skal bygge smalare vei, mindre motorveg på strekningar der det både er svært stor trafikk og samtidig mange alvorlige ulykker, når regjeringa ikkje har prestert å skrota sløseriprosjektet Møreaksen over Romsdalsfjorden til mange titals milliard kr for kun 2 292 bilar i døgnet?
Begrunnelse
Samferdselsministeren og regjeringa seier no at dei har tenkt å bygge mindre motorveg og heller tofeltsveg og smalare veg, for å få meir for pengane.
I Møre og Romsdal kavar Statens vegvesen fortsatt med dette hjelpeslause prosjektet Møreaksen til fleire titals milliard kr. Her planlegges det firefelts motorveg ned mot snart 400 m under fjorden, for "heile" 2292 bilar i døgnet.
Med andre ord milevis frå kravet i nokon som helst vegnormal for firefeltsveg samt bruk av vegmidlane på eit vanvittig pengesløseriprosjekt der Statens vegvesen alt har kasta vekk meir enn ein halv milliard kr på planlegging.
Dette prosjektet vil heller ikkje folket her i fylket ha. Det er mengder med andre vegprosjekt her i fylket med betydeleg trafikk der det også er mange alvorlige ulykker samt fleire dødsulykker, som folket heller vil prioritere.
Dette er prosjekt slik som E-39 Veibust-Blindheim- Moa, E-136 Ålesund til Bjorli som er exportvegen til vårt fylke, ny RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, Voldatunellen,
E39 forbi Batnfjorden, og RV 70 for å nevne nokre prosjekt.
Regjeringa vil ha meir for pengane, korleis dette henger i hop med at Statens vegvesen fortsetter med Møreasken til fleire titals milliard kr, og at dette ikkje forlengst er skrota langt ned i ei skuff er svært vanskeleg å forstå i så måte.