Ingrid Fiskaa (SV): På kva måte vil statsråden sikra at forskrift om rekruttering og flytting i utanrikstenesta skjer i tråd med det som var Stortingets føresetnad om å garantera føreseielege og saklege prosessar?
Begrunnelse
Eg viser til endringane i utanrikstenestelova (prop. 71 L (2022-2023) og innst. 396 L (2022-2023)) vedtatt av Stortinget 7. juni i år. Utanriksdepartementet har sidan sendt forslag til ny forskrift på høyring.
Eg er kjent med at arbeidstakarorganisasjonane i UD les forslaget til ny forskrift om rekruttering og flytting i utanrikstenesta med stor bekymring. Merknader frå fleirtalet i utanriks- og forsvarskomiteen om behovet for objektive kriterium som sikrar medverking og kontroll, er ikkje følgt opp i utkastet til forskrift. I utkastet er kriteria for utveljing verken definert eller vekta, og det er ikkje spesifisert korleis fagforeiningane skal kunna medverka.
Eg er vidare kjent med at UD har føreslått at personalreglementet berre skal gjelda for tilsetting i «ledig stilling», og at «rotasjonstillingar» ikkje blir rekna for å vera ledige stillingar. Det supplerande personalreglementet skal ikkje gjelda lenger. Dette betyr at det berre er forskrifta som vil regulera flyttingar i utanrikstenesta. Arbeidstakarorganisasjonane mistar dermed forhandlingsretten dei har på UDs personalreglement. Lovendringane og forslaget til forskrift vil dermed gi arbeidsgivar auka styringsrett, på kostnad av dei tilsette sine rettar og medverking.
Det er vidare problematisk at UD sitt forslag til forskrift ikkje vart lagt fram for arbeidstakarorganiasasjonane før det vart sendt på offentleg høyring. Arbeidstakarorganisasjonane i Utenriksdepartementet - NTL, Akademikerne og Parat - har derfor utarbeidd eit omfattande felles høyringssvar til forslaget til forskrift.