Skriftlig spørsmål fra André N. Skjelstad (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:7 (2023-2024)
Innlevert: 02.10.2023
Sendt: 02.10.2023
Besvart: 10.10.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

André N. Skjelstad (V)

Spørsmål

André N. Skjelstad (V): Vil statsråden sikre at Masfjordbrua vil få rentekompensasjon etter nytt regelverk fra 2020, i tillegg til ferjeavløsningsmidlene?

Begrunnelse

Masfjordbrua ble i 2023 godkjent som fergeløsningsprosjekt, men kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikke fylkets finansieringsplan. Det betyr at Vestland fylke må ta opp lån for å få Masfjordbrua i havn, med den kostnaden det innebærer. Bakgrunnen for dette er at fylket først vil motta fergeavløsningsmidler utbetalt etter brua er ferdigstilt.
Fra 2020 kom det nye regler for rentekompensasjon, der man kan få dekket inntil 50 prosent av rentekostnadene i tillegg til fergeavløsningsmidlene. Departementet mener imidlertid dette ikke gjelder Masfjordbrua fordi søknaden om fergeavløsningsmidler ble sendt før 2020.
Under behandlingen av Kommuneproposisjonen 2023 ble det flertall for følgende:

«Stortinget ber regjeringen sikre at fergeavløsningsprosjekter som ferdigstilles mellom 2022 og 2027, får ta del i rentekompensasjonsordningen i tråd med vedtak nr. 1251 (2020–2021), jf. Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen 2022 og Innst. 660 S (2020–2021)».

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Årlege ferjeavløysingsmidlar blir berekna på grunnlag av utslag i rammetilskotet ved å avløyse eit ferjesamband med eit nytt vegsamband. Ifølge retningslinene for ferjeavløysingsordninga skal storleiken på ferjeavløysingsmidlane fastsettast ut frå inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir behandla. I 2018 blei det tatt i bruk eit nytt kriterium for ferjer, som førte til at nokre ferjesamband utløyste eit lågare beløp i rammetilskotet frå 2018, og dermed òg i årlege ferjeavløysingsmidlar. På bakgrunn av ein merknad frå kommunal- og forvaltningskomiteen i Innst. 22 S (2016–2017) er det lagt til grunn at endelege søknader som blei sendt i 2017 skal behandlast ut frå inntektssystemet og retningslinene for ferjeavløysingsordninga slik dei var i 2017. Hordaland fylkeskommune søkte om ferjeavløysingsmidlar for Masfjordsambandet i 2017, og dei årlege ferjeavløysingsmidlane for Masfjordsambandet er derfor basert på utslag i rammetilskotet for 2017.
Ferjeavløysingsordninga er ei god ordning som gir ei stor, langvarig og føreseieleg finansieringskjelde for nye vegsamband langs kysten. Men det er viktig å hugse at dei ordinære ferjeavløysingsmidlane blir finansiert innanfor rammetilskotet til fylkeskommunane. Det betyr at viss eit vegprosjekt får meir i årlege ferjeavløysingsmidlar enn reduksjonen i rammetilskot ved å leggje ned ferjesambandet, må dei andre fylkeskommunane bidra meir til ordninga.
Då Solberg-regjeringa la fram forslag om ei ekstra rentekompensasjonsordning i Kommuneproposisjonen 2022, blei det lagt grunn at ho skulle finansierast av friske midlar utanfor dei ordinære ferjeavløysingsmidlane. Ordninga skulle vidare gjelde for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdigstilte mellom 2022 og 2027. No er det berre Nordøyvegen-prosjektet i Møre og Romdal som så langt er aktuelt for eit ekstra tilskot. I statsbudsjettet for 2024 føreslår regjeringa eit ekstra tilskot til dekking av kapitalkostnadar for Nordøyvegen. Eg må kome attende til om Masfjordbrua eventuelt skal få eit ekstra tilskot til å dekke kapitalkostnadar. Det vil mellom anna avhenge om og når prosjektet blir realisert.