Alfred Jens Bjørlo (V): EU sitt nye berekraftsdirektiv (CSRD) er eit heilt sentralt verktøy for å lykkast med grøn omstilling i Europa og Noreg, i tråd med FN sine berekraftsmål og EUs «Green Deal».
Når ser finansministeren for seg at direktivet om berekraftsrapportering kan bli ein del av EØS-avtalen?
Begrunnelse
Direktivet om berekraftsrapportering, kjend som Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD), vart vedtatt i desember 2022 og tredde i kraft i EU 5. januar 2023. Fristen for å gjennomføre direktivet i medlemslanda er 6. juli 2024.
Verdipapirlovutvalet har utgreia behovet for å endre norske reglar, blant annet regnskapslova, som følgje av CSRD. I samband med høyringa av utgreiinga skreiv Finansdepartementet at Stortinget vil få ein lovproposisjon
"i tide til at de nye reglene kan innføres i Norge i samme takt som i EU, slik at de nye rapporteringskravene vil kunne begynne å gjelde for de største noterte foretakene fra og med regnskapsåret 2024, med rapportering i 2025".
Rekneskapsåret 2024 startar snart, og det vil vere nyttig for både bedriftene og andre som blir omfatta av dei nye reglane at dei så snart som mulig får vite korleis direktivet vil bli gjennomført. Så langt eg er kjend med saka, er direktivet ikkje ein del av EØS-avtalen enno, og eg går ut frå at det må skje før Stortinget får ein lovproposisjon til behandling.