Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsråden det er i tråd med norsk parlamentarisk tradisjon at han let vere å endre retningslinene for utflytting av statlege arbeidsplassar fordi han "ikkje [ser] behov" for dette, når Stortinget eksplisitt har vedteke at retningslinene skal endrast?
Begrunnelse
I dokument nr. 15:2744 (2022-2023) blir statsråden spurt om når han har tenkt å følgje opp Stortingets vedtak nr. 667 (innst. 326 S (2022-2023), jf. dokument 8:162 S (2022-2023)). Vedtaket lyder som følgjer:
«Stortinget ber regjeringen i retningslinjene for lokalisering av statlige arbeidsplasser om ikke å sidestille større byer og byområder med Oslo når det gjelder hvor nye og omlokaliserte statlige arbeidsplasser og virksomheter skal lokaliseres.»
Dette kom på bakgrunn av at regjeringa hadde endra desse retningslinene til følgjande formulering:
«Den statlige lokaliseringspolitikken skal, ved oppfølgingen av disse retningslinjene, medvirke til at nye og omlokaliserte statlige virksomheter i hovedsak blir lokalisert utenfor Oslo, sentrale kommuner i Oslo-området eller andre av de største byene.»
Etter at Stortinget gjorde sitt vedtak nr. 667, offentleggjorde regjeringa si nye distriktsmelding. I denne heiter det:
«Regjeringa ynskjer derfor at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak blir lokaliserte utanfor Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.»
Med andre ord held regjeringa seg framleis med nøyaktig den same formuleringa i retningslinene som Stortinget eksplisitt har bede regjeringa om å endre.
I sitt svar til spørsmålet frå stortingsrepresentant Njåstad (dokument nr. 15:2744) forklarer statsråd Gjelsvik dette slik:
"Ei sidestilling av Oslo med andre større byar i Noreg har aldri vore praktisert ved bruk av retningslinjene. Det vil heller ikkje gjerast framover. Praktiseringa av retningslinjene vil framleis vere slik at ein vurderer Oslo og dei andre større byane i kvar einskild sak, ut frå mål og krav i retningslinjene og kva statleg verksemd det er tale om. Eg ser ikkje behov for å endre retningslinjene som følgje av vedtaket i Stortinget."
Her misforstår statsråden Stortinget sitt vedtak. Stortingsvedtak 667 går ikkje ut på at regjeringa skal endre praktiseringa av retningslinene, det går ut på at regjeringa skal endre sjølve retningslinene, jf. formuleringa "i retningslinjene".
Spørsmålet blir då kva grunnlag statsråden har for å tolke stortingsvedtak 667 på ein måte som er i strid med både den direkte ordlyden og ei naturleg språkleg forståing av teksten.